Hopp til innhold

Utset sak om ny skule

Saka om å byggje ny ungdomsskule i Vågsøy er utsett i to månadar. Det skjedde på formannskapsmøtet i dag, skriv Fjordenes Tidende. Høgre og Venstre kjempa for at kommunen skulle signere kontrakt med Skanska om byggje ny skule på Gotteberg i Måløy. Men fleirtalssamarbeidet med Ap-ordførar Kristin Maurstad i spissen, utsette saka til budsjetthandsaminga i desember. I valkampen sa fleire av desse partia at dei heller vil byggje ein ny skule på Tennebø på fastlandet, eller renovere den gamle skulen.