Hopp til innhold

Utlendingane let seg sjarmere av Fjell Finn

Oppkjøparar frå mellom anna frå Finland, Canada, Tyskland og USA er på plass under hingsteutstillinga på Nordfjordeid denne veka. Fleire har vist interesse for Fjell Finn (5).

Frå venstre: Anne-Karin Høgalmen, fjordingen Fjell Finn og Monica Gjøringbø

POPULÆR: Den lyse, flotte fjordingen Fjell Finn i midten er populær blant damene både her til lands og kanskje også i utlandet. Her saman med eigar Anne-Karin Høgalmen og mønstrar Monica Gjøringbø.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den flotte fjordhesthingsten tek seg godt ut der han står på bås etter mønstringa fredag. Mykje tid og pengar blir lagt ned i både trening og stell.

Eigar Anne-Karin Høgalmen er ikkje i tvil om at det er verdt det og får det også stadfesta når utlendingane kjem og vil låne han.

– Det har vore nokon som vil leige han til bedekking, seier ho.

Kjem for å sjå og lære

For det er stor interesse for fjordhesten i utlandet. Det merkar Magni Hjertenes Flyum, som er dagleg leiar på Norsk Fjordhestsenter i Nordfjord.

– Det er fleire land der det finst store populasjonar av fjordhest. Utlendingane kjem ofte hit for å sjå på dei norske fjordhestane, som blir rekna som dei originale.

I Norge er det mellom 5000 og 6000 fjordhestar, medan talet på verdsbasis er 80.000. Norge er likevel rekna som moderlandet, og utlendingane som kjem for å følgje hingsteutstillinga kjem bokstavleg talt for å sjå rasen på heimebane.

– Dei fleste kjem nok for å sjå og lære om korleis ein driv avl her. Men det er alltid nokon som er ute etter gode avlsdyr, seier Hjertenes Flyum.

Forklaringa på den aukande interesse frå utlandet trur ho ligg i ei større bevisstgjering om at fjordhesten er ein trua rase.

– Ein må jobbe for å halde rasen oppe, også på verdsbasis. Grundig jobbing med informasjon og bevisstgjering har gjort at interessa har blitt større.

Magni Hjertenes Flyum

POSITIV UTVIKLING: Magni Hjertenes Flyum seier det for norske fjordhestfolk alltid er kjekt å oppleve interesse frå utlandet. – Det har alltid blitt eksportert fjordhestar ut av landet, og ei sånn interesse gir inspirasjon til dei som brukar mykje tid og pengar på å jobbe for og med fjordhest, seier ho.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Positiv utvikling

Heilt sidan 1886 har hesteentusiastar samla seg til hingsteutstilling på Nordfjordeid. I år var det 30 hingstar som deltok. Jonas Vevle er mønstrar for treåringen Glød.

– Eg har stilt hingstar sidan 1993 og tenkte eg skulle trappe ned. Men så hadde denne fjordingen eit spennande namn, Glød, og det har gitt meg glød til å satse vidare.

Vevle synest det er veldig positivt med interesse frå utlandet.

– Det verkar som at fjordhesten er litt på veg opp att og at marknaden har snudd litt. Og det trengst, veldig.

Også Hjertenes Flyum på Norsk Fjordhestsenter likar utviklinga.

– Vi er på veg oppover. Det er også veldig kjekt å sjå at det er mange unge og nye utstillarar i år, seier ho.

Fjell Finn kan skryte på seg å vere ein viktig kar for framtida til hesterasen. Berre i fjor vart han brukt til 22 bedekkingar. No vil utlendingane leige han, men Høgalmen er ikkje heilt overtydd.

– Vi vil helst selje han. Og vi håpar å behalde han i Norge, smiler ho.

Jonas Vevle og fjordingen Glød

GLØD: Jonas Vevle har stilt ut hingstar i over 20 år. I år deltok han med hesten Glød.

Foto: Silje Guddal / NRK