Hopp til innhold

Uroa for flaum og rasfare

Historisk mykje snø i fjella gjer NVE uroa over flaum- og rasfaren den neste tida.

Brigt Samdal - NVE Regionsjef Vest

FRYKTAR FLAUM OG SØRPESKRED: – Høge temperaturar og regn er ein dårleg miks, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Ja vi har definitivt ein krevjande periode framfor oss, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Det er meir snø i fjella på Vestlandet enn vi nokon gong har hatt. Ein lang og kald vår har ikkje gjort det betre, ifølge Samdal aukar faren for ein større vårflaum dag for dag..

– Vi er uroa for høgre temperaturar framover og mykje nedbør, det vil vere ein dårleg miks.

Mykje nedbør i vente

Om temperaturane kanskje ikkje blir dei høgaste lovar meteorologane nok regn i pinsehelga.

– Sidan i går kveld har det kome 30–40 mm enkelte plassar, og det er berre på 12 timar, så det har bøtta godt ned allereie, sa statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke, fredag morgon.

Utover fredag kveld vil det gå over til regnbyer. Det einaste lyspunktet er laurdag då er det venta opphaldsvêr og periodar med sol på ettermiddagen.

Men sola kikkar fram berre ein kort periode. På søndag vert det på ny nedbør frå tidleg søndag morgon og utover dagen. Måndagen vert prega av byevêr.

Følgjer situasjonen nøye

Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier situasjonen er krevjande og veldig vanskeleg, og at dei følgjer nøye med.

I går gjekk det eit nytt skred i Vaksdal, berre dagar etter det førre, og det er stor sjanse for stor vårflaum i elvar på Vestlandet.

– Vi vil jo få ein vårflaum framover, normalt er ikkje det eit stort problem på Vestlandet. Elvane taklar stort sett det. Det er haustflaumane på Vestlandet som pleier å vere problemet, men vi er nok redd at vi i vår kan få fleire jordskred à la det vi såg i Vaksdal, og ikkje minst sørpeskredm seier Samdal.

– Er det noko ein kan gjere for å unngå at det blir like alvorleg som i fjor haust med stengde vegar?

– Det er nok litt avgrensa kva vi kan gjere med desse sørpe- og jordskreda for det er vanskeleg å peike på akkurat kvar dei vil kome. Vi kjem til å følgje situasjonen tett slik at vi eventuelt kan kome med råd om å stenge ein veg eller evakuere hus om det blir naudsynt.