Hopp til innhold

Ventar store nedbørsmengder fredag

Meteorologisk institutt har i dag send ut såkalla OBS – varsel for Vestlandet. Fredag er det venta lokalt mykje nedbør på Vestlandet sør for Stad.

Vêrkart

VÅT HELG I VENTE: I løpet av dei neste 24 timane er det venta opp mot 70 millimeter nedbør dei mest utsette stadane.

Foto: YR

– Det er eit svært vått døger vi har i vente no, seier statsmeteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

I løpet av dei neste 24 timane er det venta opp mot 50 til 70 millimeter nedbør på dei mest utsette stadane.

– Det er mykje på eit døger, men vi har av og til vêrsituasjonar som gir mykje nedbør, seier Skare.

Regn frå vest

Nedbøren kjem inn frå vest denne gongen, vinden er sørleg og aukande til sørleg stiv kuling.

– Ved Stad blir det noko sterk kuling også, kanskje sågar også liten storm, seier Skare.

Fredag kveld og natt til laurdag snur vinden over på nordvest, framleis kuling i første delen men ut over laurdagen vil vinden minke.

Snø i fjellet

– Fredag kveld og laurdag blir det lågare temperaturar, og det går igjen over til snøbyer i fjellet.

Det fører til at det frå fredag kved er venta lokalt vanskelege køyreforhold på høgfjellsovergangane.

– Vi har med andre ord mykje vêr i vente.

– Ja, det einast lyspunktet eg kan sjå no er laurdag ettermiddag og kveld, for på sundag kjem det eit nytt lågtrykk inn frå vest.