Hopp til innhold

Uføre og funksjonshemma får ikkje lenger rabatt

Nettbuss tilbyr ikkje lengre uførerabatt på sine ekspressbussar. – Heilt forkasteleg, tykkjer Liv Marit Hjetland.

Liv Marit Hjetland lite nøgd med rabattendringa til Nettbuss.

LITE NØGD: Liv Marit Hjetland må ut med 300 kroner ekstra for turen til og frå Oslo etter at Nettbuss fjerna ordninga som gav henne 33 prosent rabatt på ekspressbussen.

Foto: Fotomontasje: Nettbuss/privat

Før kunne uføretrygda og funksjonshemma få honnørrabatt på ekspressbussane til Nettbuss.

Etter dei nye priskategoriane tredde i kraft 1. mai, har denne rabatten falle bort.

– Det tykkjer vi er forferdeleg trasig. Vi er av dei som reiser mykje til familie i Oslo, og vi likar godt å bruke bussen. Men etter kvart er dette blitt dyrt, seier Liv Marit Hjetland frå Sogndal.

33 prosent rabatt

Svein Arne Vik

FELLES: Svein Arne Vik i Nettbuss grunngjev omlegginga med felles prissystemt for alle ekspressbussrutene i selskapet.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

Tidlegare fekk både eldre og uføretrygda 33 prosent i honnørrabatt på ekspressbussane. No som rabatten er blitt aldersbestemt på rutene mellom Oslo til Førde og Måløy, er det berre dei over 65 år som får rabatt på reisa.

Busselskapet grunngjev endringa med at det skal vere enklare å forstå billettsystemet. Uføre ser berre ulemper med endringa. For Hjetland betyr det at ho må betale kring 300 kroner meir for ein tur til Oslo og heim att til Sogndal.

– Eg tykkjer det er heilt forkasteleg at dei tek vekk eit gode som uføre har hatt, seier Hjetland.

Får ikkje råd til reisa

Solfrid Fossberg

NESTLEIAR: Solfrid Fossberg.

Foto: Privat

Nestleiar Solfrid Fossberg hos Norges Handikapforbund Nord-Vest, tykkjer lite om endringa til Nettbuss. Ho seier uføre allereie har eit pressa budsjett, og at rabattendringa kan føre til at dei ikkje har råd til å reise.

– Eg tykkjer det er eigentleg å skubbe nokon endå lenger bak i køen, seier Fossberg.

Svein-Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss Ekspress, seier selskapet ynskjer like prisgrupper på alle av sine ekspressbussruter. Han legg til at uføre framleis får rabatt på reiser med start og stopp innanfor fylkesgrensene og vil få med seg gratis følgjeperson og utstyr ved behov for det.

– Er meir fleksible

Vik oppmodar uføre som skal reise, om å bestille turar til kampanjepris.

– Sjølvsagt skjønar vi at det er ei gruppe som fell ned i mellom, men den gruppa er også kanskje meir fleksibel i høve til når ein har moglegheit til å kunne reise enn mange andre, seier han og avsluttar:

– Og vil då kunne få fatt i kampanjeprisar. Vi vil prise ganske mange av rutene våre i høve til når på dagen og i veka den går, og vil krydre det heile med kampanjeprisar.