Hopp til innhold

Trur steinen som kom ned har lege att frå førre reinsking

Statens vegvesen meiner steinen som fall ned på riksveg 5 ved Leversund i dag har lege att utanfor rasløpet etter at dei reinska området onsdag.

Nytt steinsprang ved Leversundet

MEINER DET ER TRYGT: Statens vegvesen trur ikkje rasfaren ved Leversund er høgare enn før.

Foto: Roger Bareksten

– Den steinen som kom ned i dag har komme ned litt lenger mot Florø og tunnelen enn raset som kom sist, seier prosjektleiar drift og vedlikehald Fjordane i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen.

Steinen i dag i 12.30-tida kom ned om lag fire-fem meter lenger borte enn steinspranget som kom tysdag kveld. Vegen mellom Førde og Florø var stengd i nesten eitt døgn etter steinspranget tysdag.

Har lege slik at dei ikkje har sett han

Fredag rasa det på nytt i området, og Kjell Magne Kvalheim fekk ein stein rett i framhjulet då han kom køyrande, men til alt hell vart han ikkje skadd i hendinga.

Vegvesenet trur ikkje steinen som kom fredag losna frå fjellsida i dag, men at han har lege att sidan fjellreinskinga onsdag.

– Vi trur det har lege i ytterkant av det rasløpet som vi har reinska. Vi trur denne steinen har lege slik at vi ikkje har sett han og fått han med oss nedover, seier Karlsen.

For å unngå at noko slikt skjer igjen, kjem ein til å gå over området på nytt, for å få vekk lause steinar.

– Vi vil gå over området ein gong til. Vi var heilt sikre på at vi hadde fått med oss alt nedover. Det har vore i samråd med geologen også, men det har truleg lege att noko på sida, seier Karlsen.

Meiner vegen er trygg

Han meiner det ikkje er grunn til å vere redd for å køyre forbi Leversundet på riksveg 5.

– Vi har vore i kontakt med geolog no i etterkant, og vi meiner det skal vere trygt. Det meinte vi jo sist også, og det er beklageleg at det har komme ned ein stein, seier Karlsen.

Lars Erik Karlsen

BEKLAGELEG: Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen beklagar at dei ikkje hadde fått med seg den lause steinen då dei reinska fjellsida for lause steinblokker.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Han har likevel forståing for at bilistar kan gru seg litt for å køyre forbi staden der det har ramla ned ein god del stein denne veka.

– Vi beklagar sterkt at det kom ned stein. Men nokon hundre prosent garanti for vegane i Sogn og Fjordane klarar vi ikkje å stille. Vi gjer så godt vi kan, og innanfor det området som vi reinska, meinte vi at vi hadde fått med oss alt. Så godt som vi kan, så meiner vi at det er trygt, seier Karlsen.

Trur ikkje rasfaren har auka

Dei kjem til å gå over det same rasområdet endå ein gong for å sjå om det ligg att lause steinar.

– Vi kjem til å sjå på begge sider av det rasløpet for å sjå om det ligg att noko. Det har ikkje vore noko nedfall i området som tilseier at det skal vere rasfarleg. Det er eit område vi har sett på som ganske trygt, seier Karlsen.

Han legg til at det ikkje er noko som tyder på at rasfaren har vorte større enn før.

Vegen vart opna att for fri ferdsle om lag tre kvarter etter at raset hadde gått.