Hopp til innhold

– Det er lite, seier landbruksdirektøren om arealet i fylket som vert nytta til jordbruk

Berre tre prosent av arealet i Sogn og Fjordane vert nytta til jordbruk.

Kyr på beite i Lærdal med Stødnafossen i bakgrunnen

TRE PROSENT: ... av arealet i Sogn og Fjordane er nytta til landbruk. Her i Lærdal. (arkivfoto)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Om lag tre prosent av arealet her i fylket er jordbruksareal, det vil seia fulldyrka jord og beitemark. Det svarar til om lag 74.500 fotballbaner.

– Det er lite, men det er omtrent på landsgjennomsnittet, seier landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal.

Mest grovfôrproduksjon

Christian Rekkedal

LANDBRUKSDIREKTØR: Christian Rekkedal.

Foto: NRK

Men om ein ser nedover mot vestlandsfylka sør for oss, kjem Sogn og Fjordane ikkje så bra ut. I Hordaland er om lag fire prosent av arealet nytta til jordbruk, medan det er heile 12 prosent i Rogaland.

65 prosent av arealet i Sogn og Fjordane er nytta til grovfôrproduksjon, 34 prosent til innmarksbeite og den siste prosenten er frukt, bær og litt grønsakdyrking.

– Det er veldig lite jordbruksareal i Norge, men det er også årsaka til at me har eit forholdsvis strengt regelverk for å ta vare på den jorda me har, og det er naudsynt! seier Rekkedal.

Må utnytta alt arealet

Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Norge skal aukast med 20 prosent fram mot 2030. Men det er vanskeleg å finna meir areal til jordbruket.

– Det finst ein del udyrka jord som er dyrkbar, men generelt sett er det slik at den beste jorda den er allereie dyrka. Det er veldig lite dyrkbar jord att som er av god kvalitet. Det som er att av dyrkbar jord er hovudsakleg myr, og myr er av fleire årsaker ikkje alltid like godt egna til dyrking, seier Rekkedal.

Om lag to prosent av innbyggjarane i fylket er sysselsette i landbruksnæringa, og mellom fem og ti prosent av maten vert produsert her.

– Bruk fjellet!

– Relativt sett produserer fylket mykje mat, men i Norge er det generelt lite jordbruksareal. Me må bidra på dei områda me er sterke frå før, som er husdyrproduksjon.

– Me ser at me har ein del uutnytta arealressursar, spesielt i fjellet. Det er veldig lite beitedyr i fjellet, spesielt storfe. Sauetalet har gått ned dei siste ti åra, men no har det stabilisert seg på om lag 200.000 sau og lam på utmarksbeite. Der er det plass til meir, seier Rekkedal.

Det er Norsk institutt for skog og landskap på Ås som har oversikta arealutnyttinga i landet.

– Verdas befolkning passerte sju milliardar i 2011. I 2050 reknar ein med at det vil vera 9 milliardar menneske. FAO, FN sin mat- og landbruksorganisasjon, har rekna på at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent for å sikra verdas befolkning tilstrekkeleg med mat i 2050. Produksjonsareala me har blir sett under press, og det er viktig med areal av god kvalitet. Då er det er viktig å ta vare på og disponera dei areala me har på ein god måte, seier Jostein Frydenlund, seksjonsleiar ved Norsk institutt for skog og landskap på Ås.