Hopp til innhold

Tre er potensielt alvorleg skadde

Tre personar er potensielt alvorleg skadde etter storbrannen i Lærdal, då røykskadar kan forverra seg. Desse er sende til Førde sentralsjukehus. 411 personar har vore innom Lærdal sjukehus for helsesjekk, og over 100 har vore innlagde med røykskadar. 45 er sende til Førde sentralsjukehus for vidare behandling.