Hopp til innhold

Dei tre jentene isbada og fekk den lova isen

Då Brævasshytta i Fjærland lova vekk iskrem til dei som torde å symje meir enn fire meter i det iskalde brevatnet, tok dei tre jentene utfordringa på strak arm.

Sara Heier (12), Rakel Bjerk (12) og Maria Sofie Bjerk (15).

TØFFE JENTER: Maria Sofie Bjerk (15), Sara Heier (12) og Rakel Bjerk (12) tok utfordringa og bada i brevatnet nedanfor Bøyabreen. FOTO: Kari Marie Fjærestad

– Vi leste om utfordringa som hadde kome, og då var ikkje jentene til å stogge, fortel Kari Marie Fjærestad, bestemor til to av jentene.

Torsdag la dei i veg til Fjærland og til Bøyabreen, og vel nede ved brevatnet var ikkje dei tre jentene seine å be.

– Sara var først litt uti, men snudde. Men så bestemte dei seg for å prøve likevel, og det gjekk jo veldig bra, seier Fjærestad.

Ho har bada mykje i det iskalde vatnet då ho sjølv var lita jente, og tykte det var skikkeleg stas at hennar eigne barnebarn og ei venninne tok sjansen.

– Far min køyrde turistbussar opp til breen, og eg var med som grindajente. Då fekk eg pengar av turistane om eg bada, fortel Fjærestad.

Jo Marius Bøyum på Brævasshytta er særs nøgd med at nokon tok utfordringa, og han delte gladeleg ut is til dei tre badenymfene.

– Eg er veldig glad for at dei tok utfordringa, for då slapp jo eg å bade, gliser Bøyum.

badarane i brevatnet

FEKK PREMIEN: Sara Heier (12), Rakel Bjerk (12) og Maria Sofie Bjerk (15) fekk is som premie frå Brævasshytta etter isbadinga.

Foto: Kari Marie Fjærestad