Hopp til innhold

To uhell på seks minuttar

Ingen kom til skade då ein bil køyrde av E39 ved Håheim i Jølster klokka 0924. Nokre minuttar seinare kolliderte ein syklist og ein bil i eit gangfelt på Hafstad i Førde. Heller ikkje her var det personskade, men sykkelen skal ha fått materielle skader.