To til sjukehus etter trafikkulukke

To personar blei sende til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke i Høyanger natt til søndag.

Det var i tretida i natt at politiet fekk melding om ulukka på riksveg 55. Alle naudetatane rykka ut.

Ein bil hadde rulla rundt på taket etter å ha køyrd av vegen. Ein av personane i bilen blei kasta ut i rundkastet. Saka blir etterforska vidare av Høyanger lensmannskontor.

Laurdag kveld køyrde ein bil av vegen like aust for avkøyring til Eikefjord i Flora kommune. Det var svært glatt på staden, og politiet trur det er årsak til utforkøyringa. Ingen personar blei skadde i trafikkuhellet.

Når fylkeskommunen må kutte 234millionar kroner står ein fjerdedel av kulturmidlane i fare.
Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher