Tjuvkopla og stal firehjuling - så tok rusa mann den

Tjuven stakk av frå firehjulingen han hadde stole, så kom ein rusa mann og køyrde av garde med den.

Natt til laurdag kom politiet over ein firehjuling, ATV, der føraren fekk det travelt med å springe frå staden.

Køyretøyet blei ståande att, og før patruljen fekk kontroll på føraren som stakk av, kom ein annan tilfeldig forbipasserande og sette seg på firehjuling. Han starta opp, men politiet fekk stoppa ferda etter få meter.

Dei fekk straks mistanke om at mannen i 20-åra var rusa. Difor blei han pågripen og teken med for blodprøvetaking.

Det viste seg at ATV-en var tjuvkopla og at den var stolen. Politiet fekk tak i guten som sprang frå staden. Han innrømma at han stod bak tjuveriet saman med ein kompis.

Firehjulingen blei henta av eigaren og saka blir følgt opp av politiet i Førde.

Ingvar Ambjørnsens "Dukken i taket" vert spelt inn i Fjærland i desse dagar.
Førde ønskjer å vere ein sykkelby, men er det slik?
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.