Hopp til innhold

Synfaring før avgjerd om kraftlinje

Måndag starta synfaringa på det som er omtalt som eit av dei største planlagde naturinngrepa nokon sinne på Vestlandet.

Video nsps_upload_2009_10_19_18_34_47_4243.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ TV-SAKA: I dag starta synfaringa langs den planlagde kraftlinja.

Folk på Nordvestlandet har fire dagar på seg for å overbevise olje- og energidepartementet om at det er ein dårleg ide å byggje ei stor kraftlinje gjennom unik vestlandsnatur.

For planane om ei stor kraftlinje for å forsyne industrien med straum har vekt sterke reaksjonar i vestlandsfylka.

- Naturen klarer å overbevise

Leiar i Sogn og Fjordane Naturvernforbund, Hans Kristian Hansen, seier det er ei av dei viktigaste naturvernsakene på mange tiår.

- Denne linja er det største arealinngrepet i Sogn og Fjordan nokonsinne. Mange personar blir berørte av dette og det må takast omsyn til.

Han trur at naturen i seg sjølv vil klare å overbevise departementet at det er feil å byggje kraftlinjal.

Les også: - Jordkabel bygd på vankunne

75 klager

Den 300 kilometer lange planlagde kraftlina som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre har sett sinna i kok hos mange i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Norges vassdrags- og energidirektorat har gått inn for at kraftlina skal gå i luftlinje, medan motstandarane vil at linja skal gå i kabel.

Til saman er 75 klager på linja sendt til Olje- og energidepartementet, frå både kommunar, grunneigarar og ei rekkje organisasjonar.

- Ei omfattande sak

Ekspedisjonssjef Håkon Høisveen som denne veka er på synfaring i dei to fylka, vedgår at det er ei omfattande sak

- Det er umogleg å seie når vi er ferdig med klagesaken, for det blir ei omstendeleg handsaming når vi kjem tilbake.

Kraftlinje Sogn - Sunnmøre

TRASÉEN: Her er det planlagd at lina skal gå.

Foto: Statnett