Hopp til innhold

Syklist påkøyrd i gangfelt

Ein syklist vart påkøyrd i eit gangfelt på E39 i Førde. Syklisten er sendt til sjukehus etter ulukka.

Ein syklist vart påkøyrd i eit gangfelt på E39 på Hafstadflata i Førde søndag ettermiddag.

BILIST MOT SYKLIST: Naudetatane var raskt på plass etter ulukka.

SISTE: Politiet opplyser at syklisten var ein mann i 20-åra, og vart sendt til Førde sentralsjukehus med moderate skader etter ulukka.

– Bilen har vore fysisk kontakt med syklisten, seier Wenke Hope som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om at ein bilist hadde køyrt på ein syklist klokka 14.55 på E39 ved Rema 1000 i Førde. Det ligg ei rundkøyring med gangfelt over alle inn- og utkøyringane frå rundkøyringa. Det er i ei av desse at ulukka har skjedd.

Politiførstebetjent på ulukkestaden, Aksel Rødland, seier syklisten var i gangfeltet då han vart påkøyrd.

– Bilføraren var ein mann i 60-åra, og syklisten var ein mann i 20-åra.

Politiet har ikkje oversikt over korleis ulukka skjedde. Det blir oppretta sak på forholdet opplyser politiet.