Hopp til innhold

Straumen tilbake i Rutledal - ferjesambandet attende i drift

Ferjesambandet Rysjedalsvik-Rutledal var i dag tidleg innstilt på grunn av straumbrot. No er sambandet i drift att.

Straumstans stoggar ferja i Rutledal

Straumen gjekk i Rutledal i dag tidleg, noko som skapte problem for ferjesambandet.

– Heile bygda er straumlaus, så der får ikkje ferga lagt til før det blir dagslys, viss ikkje dei rettar straumproblema før den tid. Så det er det innstilt anløp til Rutledal inntil vidare, sa vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Klokka halv åtte melder vegtrafikksentralen at fergesambandet igjen er tilbake i drift.