Hopp til innhold

Difor kjem du til å sjå hektisk aktivitet i ytre Sogn i morgon

I morgon vert Øvelse Tyr, ei nasjonal krisehandteringsøving, arrangert i ytre delar av Sognefjorden.

Redningsøving
Foto: Morten Holm/Magnus Aamo Holte/Sissel Helen Kvalvik / NTB Scanpicx/NRK

Politidirektoratet gjennomfører årleg ei nasjonal krisehandteringsøving, og årets øving er lagt til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det vil bli gjennomført ei større redningsøving i ytre delar av Sognefjorden onsdag, på grensa mellom Høyanger, Hyllestad og Gulen og dei to politidistrikta Sogn og Fjordane og Hordaland.

I alt er 33 aktørar involverte, og rundt 400 personar er med på øvinga på ulikt vis.

Målet med øvinga er å trene samvirke med aktørane i redningstenesta på alle nivå, å gi deltakarane god rolleforståing, samt å styrkje handteringsevna til dei som er med.

Får hjelp frå Sunnmøre

Årets problemstilling er redning til sjøs, og samarbeid mellom Hovudredningssentralen, politi og andre redningsetatar er sentralt.

Det er ressurskrevjande å gjennomføre ei nasjonal øving med så mange involverte, og Sogn og Fjordane politidistrikt får difor hjelp frå Sunnmøre politidistrikt, Oppland og Hordaland. Sogn og Fjordane politidistrikt leier planlegginga med hjelp frå Politidirektoratet (POD).

POD er også øvingsleiar og er med i spelstab. Politihøgskolen har ansvaret for å evaluere Øvelse Tyr.

Øvinga vil gå føre seg mellom klokka 08.00 og 20.00, og vil føre til stor aktivitet i øvingsområdet Lavik-Leirvik-Brekke.

Ber folk ta omsyn til trafikken

Det blir ein god del trafikk av redningspersonell langs E39 frå Vadheim til Lavik, langs fylkesveg 607 og fylkesveg 57 frå Lavik til Rutledal.

Det blir også ein del trafikk av redningspersonell langs fylkesveg 1 frå Instefjord til Takle.

Det vil vere aktivitet på sjøen med båtar og helikopter som er involverte i øvinga, og ein ber om at dei som ferdast i området, tek omsyn til dette.

Politiet ber om at innbyggjarar og reisande tek omsyn til øvinga, og følgjer skilting og informasjon som blir gitt på staden.