Hopp til innhold

Stor fare for jord-og sørpeskred

Dagen i dag er definitivt ikkje dagen for å boltre seg under bratte heng i fjellsidene. Det er meldt om store nedbørsmengder, og stor fare for skred.

Sørpeskredet

ÅTVARAR: Skredfaregraden er på nivå fire torsdag. Det betyr stor fare for jord- og sørpeskred.

Foto: Kim Rydningen

Skredvarslingsportalen varsom.no har auka skredfaren til raudt nivå – altså stor snøskredfare for Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Same varsel gjeld også Sunnmøre, Voss og Røldal på Vestlandet, samt Kåfjord, Balsfjord, Lyngsalpan og Tamokdalen i nord.

– Hald deg som skiløpar/skuterkøyrar unna alt skredterreng. Enkelte vegstrekkjer kan vere utsett, lyd oppmodinga.

Regn til 1.000 moh.

Skredfaren har tett samanheng med obs-varselet som Meteorologisk institutt sende ut onsdag. I Sogn og Fjordane kan det lokalt komme 60–100 millimeter nedbør på 24 timar.

Opp mot 1.000 meter over havet vil nedbøren komme i form av regn.

– Mykje vind medverkar også til snøsmelting. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett, åtvarar jordskredvarslinga til NVE og oppmodar til reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner.

Stor snøsmelting

– Fare for utløysing av sørpeskred gjeld berre i område med meir enn 50 centimeter snø. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting. Sørpeskred kan utløysast i slake hellingar der vatn samlar seg, melder NVE.

I fjellet er det meldt om sørleg stiv kuling, frå i føremiddag sterk kuling, liten storm ved Stad. Med andre ord kan det bli utfordrande også for fjellovergangane.

Stengde overgangar

Allereie tidleg torsdag morgon varslar Statens vegvesen at Vikafjellet, Tyin - Årdal og Hol - Aurland er stengde på grunn av skredfare. Over Hardangervidda er det stengt grunna uvêr.

Filefjell er derimot opna etter at det onsdag kveld var stengt då fleire vogntog måtte bergast.

– Det er venta lokalt vanskelege køyreforhold på overgangane i Langfjella utover dagen på grunn av sterk vind og nedbør, melder Meteorologisk institutt.

Vinden vil dreie sørvest og minke utover kvelden. Skredfaren er venta å bli nedjustert allereie fredag att.