Hopp til innhold

Sterkt møte med dronninga

I 2005 blei Edwin Gonzales hardt skada då ei mine eksploderte i hendene hans. På United World College i Flekke i Fjaler har han fått nye sjansar. Torsdag var dronninga på besøk.

Edwin Gonzales

FØLGDE NØYE MED: Ei engasjert dronninga følgde nøye med då Edwin Gonzales fortalde historia si til dei frammøtte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette har endra livet mitt og gitt meg nye moglegheiter. Her har eg lært engelsk, og eg har fått mange nye perspektiv på livet, seier Gonzales.

Ei landmine endra livet til Gonzales for alltid. Sidan mina gjekk av i Nicaragua i 2005 har eit liv utan armar, og med redusert syn, vore kvardagen til Edwin Gonzales.

Fekk møte dronninga

Det var under dronning Sonja sitt besøk til United World College (UWC) torsdag at Gonzales fekk møte dronninga. Dronninga har eit nært band til skulen, og ho har vitja skulen fleire gonger tidlegare. Under møtet fekk Gonzales fortelje om livet både før og etter hendinga som endra livet hans for alltid.

– Ho sa ho var veldig stolt av alle oss som er her. Ho sa at vi slåst kvar einaste dag for å nå måla våre, seier Gonzales.

møte med dronninga

INTERESSERT: Dronninga lét seg engasjere under besøket til United World College i Flekke i Fjaler.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gonzales har møtt dronning Sonja ein gong tidlegare. Likevel fortel han at møtet med dronninga var like stort denne gongen.

– Då eg kom til Norge kunne eg ikkje kommunisere på engelsk, og eg lurte på korleis eg skulle klare å uttrykkje kjenslene mine på eit framandt språk. Då eg møtte dronninga sist, var eg veldig nervøs. Men ho er veldig vennleg, seier Gonzales.

Difor var han langt meir avslappa då han møtte dronning Sonja torsdag.

– Eg føler meg veldig vel saman med henne, og eg kan snakke med henne om alt. Å få møte henne endå ein gong, var ei kjempemoglegheit. Ho veit kva eg har opplevd og kva eg gjer no. Eg trur det er viktig at ho ser at vi har moglegheiter, sjølv om vi har opplevd vanskelege ting, seier Gonzales.

Førre gong han møtte dronning Sonja var då UWC hadde 50-årsjubileum i 2012.

– Dette vart markert på eit arrangert i Oslo, og eg vart invitert til å bli med, sidan eg hadde overlevd ei landmine. Eg hadde lyst til å fortelje historia mi, og fortelje korleis livet hadde vorte etterpå, seier Gonzales.

Også tunge dagar

Han fortel at ikkje alle dagar er like enkle.

– For mange er det tungt å komme seg opp og gå på skulen kvar dag. Men vi gjer det likevel. Det gir oss ei ny framtid, og nye moglegheiter. Eg personleg ønskjer å gje noko tilbake. Eg vil seie takk for alt eg har fått av støtte sjølv, seier Gonzales.

Den skjebnesvangre dagen i 2005 sit framleis som brent inn i minnet hans. Mora hans leigde ut rom, og han såg at døra på det eine rommet stod ope.

Dronning Sonja

FØREDRAG: Det blei halde føredrag og orientering om skulen si verksemd og aktivitetar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han bestemte seg for å lukke døra, og såg inn i rommet etter noko han kunne setje framfor døra for å halde ho att. På golvet fann han noko som han trudde var ein brusboks. Men det skulle syne seg at det var alt anna enn det.

– Eg tok den opp og opna den. Etter få sekund, eksploderte mina. Då mista eg begge armar og synet på høgre auge, fortel Gonzales.

Håpfull for framtida

Likevel tykkjer han at han har vore heldig. For tida held han på å avslutte det tredje året ved United World College i Fjaler, og håpar han kan halde fram å studere i Noreg. Blant anna kunne Gonzales tenke seg å studere engelsk.

– Eg vil gjerne studere engelsk, slik at eg kan bli engelsklærar. Då kan eg lære det vekk til andre slik at også dei kan kommunisere lettare.

Gonzales er også svært opptatt av menneskerettar. Då han i heimlandet flytta frå bygda til storbyen for å byrje å studere, såg han tydeleg korleis mange på landsbygda hadde problem med å studere og få seg jobb.

– Eg såg rundt meg på alle som hadde det vanskeleg og tenkte: Korleis kan eg hjelpe dei? Dersom eg får meir kunnskap om menneskerettar, vil eg forhåpentlegvis kunne hjelpe dei i framtida.

Spesielt givande var det at dronninga hadde så stor forståing for situasjonen hans.

– Eg følte verkeleg at ho forstod meg, og kva eg har gjennomgått. Det betyr mykje.

Dronning Sonja på UWC

STORT MANGFALD: Skulen har om lag 200 elevar frå meir enn 80 land.

Foto: Oddleif Løset / NRK