Sterk vind stengjer fleire vegar

Uvêr stengjer fleire vegar i fylket måndag morgon. Også Måløybrua er stengd.

Måløybrua stengd

STENGD: Måløybrua er stengd måndag morgon.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Det bles kraftig langs kysten og i fjellet. I Vågsøy er Måløybrua i morgontimane stengd som følgje av kraftig vind.

Storm og stengde vegar

– Det bles mykje no, med sterk kuling til liten storm langs kysten. Slik vil det halde fram utover dagen, men i ettermiddag minkar den og kanskje vi får liten storm ved Stad, seier meteorolog Mette Skjerdal hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Desse vegane er klokka 09:00 stengde på grunn av ruskevêret:

  • Riksveg 13 over Vikafjellet
  • Fylkesveg 55 over Sognefjellet. Blir ikkje opna måndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Uvêr på Sognefjellet

UVÊR: Slik ser det ut på fylkesveg 55 over Sognefjellet måndag morgon.

Foto: Skjermdump frå webkamera ved Sognefjellshytta

Vinden vil minke utover dagen

Utover føremiddagen er det meldt lokalt store nedbørsmengder både i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vinden er venta å ligge på liten storm på kysten, og opp til full storm ved Stad. Nedbøren kan komme som snø over 800 meter.

– Morgondagen blir betre enn i dag med mindre vind og enklete byger. Onsdag og torsdag blird det derimot vått, grått og kaldare att, seier Skjerdal.

I tillegg til ruskete vêr på fjellovergangane, er vegen mellom Refvik og Raudeberg stengd som følgje av steinras. Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengd på grunn av snøras.

I Nordfjord er ferjesambandet Måløy - Oldeid innstilt inntil vidare på grunn av dårleg vêr.

I år kjem mange av turistane her på Vestlandet til å vera nordmenn. 
Det trur turistnæringa, som også forventar rekordbesøk i år.
Nærings- og fiskeridepartementet kuttar talet regionar i Fiskeridirektoratet frå sju til fem. Men regionkontoret i Måløy får halde fram som i dag.
Freder flyplassene i fire år