Hopp til innhold

Håvard er nøgd med si beste internasjonale plassering i skiskyting

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde vart torsdag føremiddag nummer seks i eit IBU-cuprenn i skiskyting.

Håvard Gutubø Bogetveit

STERK INNSATS: Håvard Gutubø Bogetveit vart nummer seks på sprinten i Obertilliach.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med ein strafferunde var han 45,9 sekund bak vinnaren, Timofey Lapshin frå Russland. Også han hadde ein strafferunde på sprinten. Håvard Bogetveit var ein glad mann då vi nådde han på telefon etter rennet.

– Eg er veldig godt nøgd, det er beste plasseringa mi i IBU-cupen så langt. Eg er nøgd med berre ein bom. Når eg har berre ein bom og går med den farten eg har i sporet så blir det ei god plassering.

– World Cup blir rein bonus

No håpar han at prestasjonane hans gjer at han får meir internasjonal matching.

– Med dei stabile prestasjonane eg har hatt no så håpar eg å få gå mest mogeleg IBU-cup, og kanskje det opnar seg ein sjanse for å få prøve seg i World Cup, men det blir i så fall rein bonus.

Dei beste russarane i IBU-cupen går svært fort, men Bogetveit meiner han sjølv har litt å gå på langrennsmessig.

– Eg er ikkje i toppform, eg har ei stabil god grunnform som kan toppast utover vinteren. Men eg må prøve å forbetre meg i sporet også.

– Pallen innan rekkevidde

Laurdag er det jaktstart, der Førde-løparen går ut som nummer seks.

– Eg må prøve å klatre oppover, eg ser for meg at pallen er innan rekkevidde dersom eg skyt bra.

– Ein pallplass i siste rennet før jul hadde vel vore ein god julepresang til deg sjølv?

– Ja, det hadde vore ein bra presang i så fall.

Beste nordmann var Martin Eng på fjerdeplass.

Rennet gjekk i ObertillIach i Austerrike.