Medan fylkets beste skiskyttarar på seniornivå går verdscup i OL-byen Sotsji viser juniorane frå fylket seg fram på NM i Sirdal.
Johan Eirik Meland frå Markane IL starta showet då han fredag sikra seg NM-sølv på normaldistansen.
Under sprintkonkurransen laurdag gjekk det derimot slett ikkje vegen. Då han gjekk inn til andre skyting leia han løpet, men etter fire bom på standplass gjekk han til slutt i mål til ein 21. plass.
- LES OGSÅ:
Gull og bronse på sprinten
Men det var andre fylkesløparar som gjorde det betre.
Silja Fjærestad Hønsi frå Vik IL sikra seg NM-bronse på sprinten i klassen for kvinner 17 år. Ho skaut ein bom på ståande skyting og gjekk i mål 01.16 bak vinnaren.
På normaldistansen fredag gjekk Vik-jenta inn til ein femteplass etter tre bom på fire skytingar.
Håvard Gutubø Bogetveit gjorde det best av alle i sin klasse på sprinten laurdag. I klassen for menn 20–21 gjekk han inn til NM-gull på sprinten.
Også skiskyttaren frå Førde IL bomma ein gong på ståande skyting, men gjekk likevel i mål over eit halvt minutt før sølvvinnaren Tommy Grøtte.
Gutubø Bogetveit gjekk i tillegg inn til ein fjerdeplass på normaldistansen fredag.
- Her finn du alle resultata frå junior-NM (ekstern side)