Hopp til innhold

Timevis med øving ga resultat - konkurrerte ut tjuefire pianistar

Marina Kan Selvik spelte seg til topps på den internasjonale og prestisjetunge pianokonkurransen i Malmö.

Marina Kan Selvik speler Etyde 23. av Chapeng i Brekke kyrkje

VIDEO: Fingrane går som ein vind gjennom tangentane. Det store rommet i Brekke Kyrkje vert fylt av vakre tonar som får gåsehuda til å reise seg.

– Det var ein flott kjensle å kome til topps, seier Selvik.

Kvar dag spelar Marina Kan Selvik piano i minst seks til sju timar. Ho sit på Brekke kyrkje i Gulen og øver på notar frå ulike pianostykke. Notane skal ho kunne utanatt.

Ho øver og øver heilt til det sit som støypt i fingrane. Det er ingen tvil om at all den tida ho har brukt på øving har gjort ho til eit talent som kan måle seg på eit internasjonalt nivå.

For fyrste gong har nokon frå Noreg tatt del i den internasjonale pianokonkurransen i Malmö. Ikkje nok med det, men Selvik tok både juryen og publikum med storm.

Den internasjonale pianokonkurransen

Marina Kan Selvik

SIGER: Marina Kan Selvik er vinnaren av den internasjonale pianokonkurransen i Malmö.

På pianokonkurransen vert talentfulle pianistar frå heile verda samla i Malmö i Sverige. Sidan starten i 2002 har svenske, finske, litauiske, danske og japanske pianistar vunne.

I år skilte Marina seg ut der ho i semifinalen spelte Griegs amoll-konsert og konkurrerte med pianistar frå Japan, Spania og Polen. I finalen tok ho publikum med på ein musikalsk reise som varte i 45 minutt utan stopp, men òg utan å sjå på ei einaste note. Selvik framførte då stykke av Grieg, Ravel, Sjostakovitsj og Liszts Sonate i h-moll.

– Etter finalen var eg så sliten at eg ikkje følte noko lenger, seier den unge pianisten

Det tok litt tid mellom kvar runde til dommarane frå Sverige, Kina, Italia og Tyskland bestemte seg for kven som skulle få vera med vidare. Selvik synest det var forferdeleg pinande å vente på resultatet. Men med ein gong ho fekk høyre at ho kom på fyrste plass, blei ho kjempeglad.

– Eg var svært lykkeleg då eg fekk vite at eg vann, seier Selvik

Frå Moskva til Gulen

Selvik er opphavleg frå Moskva i Russland. Ho byrja å spele piano då ho var seks år og har sidan gått fleire år på musikkskule. For nokre år sidan møtte ho sitt livs store kjærleik, nemleg ein mann frå Brekke i Gulen som lokka ho til bygda i Sogn og Fjordane.

Både mann og barn fekk vera med til Malmö. Tilbake til Gulen hadde ho med seg ein premie på 45 000 kroner. I tillegg skal ho få vera med å spele saman med Lunds statsorkester i Sverige.