Hopp til innhold

Her har det aldri blitt arrangert O-løp før

Aldri tidlegare har det vore arrangert orienteringsløp i Fjærland. Det vart ein spektakulær debut.

773 deltakarar stilte til start under orienteringsløpet Fjord-O i Fjærland på Laurdag.

STORT LØP: 773 deltakarar frå 13 forskjellige nasjonar stilte til start under orienteringsløpet i Fjærland i dag.

Jörgen Mårtensson (54) har vunne VM i orientering to gonger og er ein av dei mest meritterte svenske orienteringsløparane i historia. Søndag var han på plass i Fjærland.

– Det har vore fint alle desse dagane på Fjord-O, men dette her var litt ekstra spektakulært. Vi hadde ein post som låg rett nedanfor breen og hadde flott utsikt når vi kom dit, seier orienteringslegenda som no spring mest for å ha det gøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Orientering under breen

SPEKTAKULÆRT: Det ville terrenget i Fjærland skapte ei spektakulær ramme rundt den siste dagen av årets Fjord-O.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Jomfrueleg løype

Fjord-O er eit orienteringsløp som over dei fem siste dagane har samla hundrevis av løparar i Sunnfjord og Sogn. Løpet var delt inn i fire etappar, der eitt av dei gjekk i lag med NM i Ultralangdistanse.

Søndag var turen komen til Fjærland, der det aldri før har vore gjennomført eit orienteringsløp. Mykje arbeid hadde blitt lagt ned for å få på plass den flunkande nye løypa med tilhøyrande kart.

– Det er i tråd med orienteringsidretten sin eigenart at du har eit heilt jomfrueleg område. Ingen av dei løparane har vore inne i dette terrenget før, i alle fall ikkje med eit orienteringskart i handa, seier kart- og løypeansvarleg Helge Schei.

Innsatsen for å skape ei spektakulær ramme rundt løpet har tydeleg slått an hos løparane. I Fjærland stilte heile 773 deltakarar frå 13 forskjellige nasjonar til start, mange av dei sterke namn både nasjonalt og internasjonalt.

Stryning til topps

Men raskast av dei alle var Isak Bergset frå Stryn. Med det kan han sjå tilbake på ei knallsterk gjennomføring av årets Fjord-O.

– Det har gått mykje betre enn forventa. Eg vann det første løpet, det andre tok eg litt rolegare, men det sat bra teknisk. På NM gjekk det ekstremt bra. Eg har hatt det som eit mål i sommar og trent opp mot det og eg følte eg fekk ut potensialet. Sjette plass er godkjent, seier Bergset om knalløpet dagen i førevegen. Rett etter målgang var det enno ikkje klart at han også tok førsteplassen på den siste distansen.

Jon Haugland frå Bergen vann alle dei fire løpa i klassen for herrar 50 år. Han kosa seg i det tøffe terrenget, trass ein del regn.

– Det har vore fire fantastiske løp, så ein stor takk til arrangørane. Litt surt at dei har fått dette regnet nesten alle dagane, men totalt sett heilt topp, seier han.

Ivar Bergset frå Stryn imponerte med førsteplass

TIL TOPPS: – Det var ei teknisk krevjande løype, så ein måtte følge med på kartet heile tida. Spennande løype og nytt terreng, seier Isak Bergset frå Stryn, som var raskast på dei 5 kilometrane søndag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK