Hopp til innhold

Sommaren kjem!

Er du lei kalde sommardagar og regntunge skyer kan du gle deg over dei komande dagane!

To personer bader og hopper uti vannet

HOPP I HAVET: Kanskje litt kaldt, men forfriskande når gradestokken skal vise temperaturar over 20 grader.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det er venta at det skal bli ganske så fine dagar i Sogn og Fjordane denne veka, seier statsmeteorolog Ida Marie Solbrekken.

Nordalsfjorden

NYT SOLA: – Sit på hytta i Norddalsfjorden, og nyt morgon kaffien, skriv Sander på tekstmelding inn til oss med kodeord sf til 1987.

Foto: Sander

Stort sett pent vêr

Mange er lei ullgenser og luer no i juli, og dei kan vi kaste denne tysdagen.

– Det blir stort sett pent vêr i heile fylket. Det kjem ein nordleg bris og det blir frisk bris på kysten. Det kan også kome temperaturar over 20 grader, fortel Solbrekken.

Utover ettermiddagen tysdag kan det vere lurt å ta med ein paraply under armen, for det kan kome nokre regnbyer, då i dei indre delane av fylket.

– Onsdag kjem også med varsel om sommar og sol og gode temperaturar. Det kan også då kome enkelte regnbyer, men det er ikkje mykje å snakke om, seier statsmeteorologen som sjølv er glad for nokre sommardagar.

– Ja, dette har vi venta på, seier ho.

Filefjell

MINUS:- Kaldt på Filefjell i dag tidleg. Her var det på den offisielle stasjonen målt: 0, 7 minusgrader i dag tidleg kl. 05.00! Det fortel Jan Chr. Jerving som har teke dette solbilete tysdag morgon.

Foto: Jan Chri.Jerving

Skikkeleg sommar i vente

Torsdag blir ganske lik dei andre dagane, og på fredag er det skikkeleg sommar i vente.

– Det er ein høgrygg som skal passere og på fredag vert det ein strålande fin dag i heile Sogn og Fjordane med sol, blå himmel og varme.

Meteorologen seier ho også har nokre stikkord for helga, men at det kan vente.

– Det treng vi ikkje snakke om no, for det er ikkje like gode prognosar der, ler ho.

Gaddevågen, Florø

NØGD: – For ein flott morgon. Bilete av Gaddevågen teke frå hagen, fortel Johan Johansson frå Florø.

Foto: Johan Johansson