- LES OGSÅ:
- Vi har har fått eit tilbod frå ein tippeligaklubb på Even Hovland, men det er langt ifrå det vi verdset Even til, seier dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal fotball.
Bodet kom inn onsdag, og Sogndal fotball var kjappe med å bestemme seg for at bodet var for dårleg.
- Kor mykje ville dei kjøpe Hovland for?
- Det har eg ingen kommentar til, seier Mundal.
- Kan eit høgt nok bod få dokke til å gje Hovaland frå dokke?
- Hovland er i utgangspunktet ikkje til sals. Men som alle veit så handlar det om økonomi. Er den god nok kan han forsvinne om det er rett for alle. Men det er ingen grunn til å tru at det vil skje denne sesongen. Vi har planar om ha Even i 2010, seier Mundal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: