Hopp til innhold

Hovland skal ikkje seljast

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, sler fast at Even Hovland er sogndalspelar sesongen 2010.

Even Hovland

Dei som fryktar at Even Hovland reiser frå Sogndal, kan slappe av. - Akkurat no er det uaktuelt, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

Foto: Rune Fossum/NRK

Det har den siste tida vore spekulert i at midtstoppartalentet frå Vadheim er på veg vekk frå 1. divisjonsklubben. Fleire eliteseriklubbar har vore nemnde.

- Dette er medieskapt i den grad at både eg og Even les dette i avisene, medan det ikkje har vore konkrete førespurnadar eller tilbod frå nokon, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

- Spelar for Sogndal

Klubbar som Rosenborg, Brann, Molde og Viking har vore nemnde , men Fylling seier statusen til Hovland er uforandra. Før og etter jul, viste Hovland seg også fram for Manchester United . I tillegg har også Everton vore nemnde.

- Han spelar for Sogndal i 2010, sler han fast.

- Som i alle andre fotballklubbar er alle spelarane til Sogndal er til sals. Men akkurat no er vi alle samde om at det som er viktig for Even er å få trene godt, spele kampar og etablere seg på U21-landslaget og kome attende i den forma han var i, legg Fylling til.

- Skal mykje til

Og det skal veldig mykje til før Sogndal slepp midtstopparen.

- Det er ei veke til seriestart og då er det ikkje berre å knipse med fingrane og finne ein erstattar for han. Akkurat no er det uaktuelt, seier Fylling.