Hopp til innhold

Slik mintest dei kompisen (19)

Kring 150 ungdomar la onsdag kveld ned blomar og tende lys for dei involverte i dødsulukka ved Brandsøy i Flora.

50 bilar og kring 150 ungdomar deltok i minnemarkeringa etter dødsulukka ved Brandsøy.

SJÅ VIDEO: Kring 50 bilar og 150 ungdomar deltok i minnemarkeringa ved Brandsøy i Flora kommune. (FOTO: TRULS KLEIVEN/NRK)

Vener og kjenningar av den 19 år gamle guten som omkom, og den 18 år gamle jenta som vart alvorleg skadd, køyrde i ein lang kortesje til ulukkesstaden på riksveg 5 i Flora.

– Vi tek dette veldig tungt. Det er ein frå Florø, ein frå miljøet vårt. Han var berre ein ungdom, seier ein av kameratane til den omkomne.

Dei var ein del av det same bilinteresserte miljøet

– Vi er veldig lei oss for det som skjedde, og vi vil støtte vener og familie. Vi prøver å markere det på ein fin og verdig måte.

Kriseteam i beredskap

Thomas Buarøy Roset

I SORG: Thomas Buarøy Roset fortel om ei flott og verdig minnemarkering ved Brandsøy.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

19-åringen omkom onsdag morgon då bilen han førte krasja med eit vogntog ved Brandsøy i Flora kommune. Den 18 år gamle kvinna som var passasjer ligg alvorleg skadd på Førde sentralsjukehus. Markeringa i kveld var også ei støtteerklæring til den unge kvinna.

Thomas Buarøy Roset tok initiativ til markeringa. Han er rørt over oppslutnaden og vil takke alle som medverka til minnemarkeringa.

– Vi såg føre oss 15-20 bilar, men så kom det kring 150 personar. Det kom folk også frå Førde, seier han.

I samråd med Statens vegvesen stengde politiet vegen ein halvtime under markeringa.

Lys på ulukkesstaden.

BLOMAR: Ei lang rekkje blomar og lys vitnar om ei stor sorg etter den tragiske ulukka onsdag morgon.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Flora Røde Kors sitt hjelpekorps stilte opp med uniformert mannskap, for å støtte dei som trengde nokon å snakke med.

Minnemarkering etter dødsulukka i Florø.

MINNEMARKERING: Ei lang kortesje køyrde frå Fugleskjærskaien til ulukkesstaden ved Brandsøy.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Ordførar Bengt Solheim-Olsen opplyser at kommunen sitt kriseteam er i beredskap for dei pårørande.

– Tragisk for familiane

Vogntoget høyrer til Nistad Transport. Dagleg leiar i selskapet, Gitle Sande, seier dei er i sorg.

– Det er veldig tragisk. Vi veit at slikt kan skje, og at det skjer. Denne dagen råkar det dessverre oss og dei unge som kom mot vår bil. Det er tragisk for familien som sit att etter den omkomne og familien til den skadde jenta.

Føraren av vogntoget kom fysisk uskadd frå hendinga. Men også han har ein tung dag, opplyser Sande.

– Det er ei stor påkjenning for han. Han har det vondt i dag. Han vart ikkje skada, men har tunge tankar å bere på i dag og i tida framover.