Hopp til innhold

Slik skal Trond framleis spreie glede i Jølster

I 2012 mista Janne Haugland bror i ei tragisk trafikkulukke. Søndag opna ho barnetrekket som i framtida vil bere veslebroren Trond sitt namn.

Søndag opna Jølster skisenter Hauglandsheisen. Barnetrekket fekk namnet for å minnast Trond Haugland som omkom i ei trafikkulukke i 2012.

SJÅ VIDEO: Janne Haugland og Atle Hamar stod for den offisielle opninga av barnetrekket Hauglandsheisen. (FOTO: PRIVAT/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Familien på Vassenden i Jølster fekk inn 35.000 kroner i minnegåve etter ulukka, og var ikkje i tvil om kva gåva skulle gå til.

I dag opna Jølster skisenter offisielt barnetrekket Hauglandsheisen.

– Vi tykte det var fint å bruke pengane lokalt, og skisenteret var favorittplassen hans, fortel Janne Haugland.

Opplever skigleda

Trond Haugland

OMKOM: Trond Haugland vart berre 27 år gamal.

Foto: Privat

Trond Haugland omkom i ei trafikkulukke i Romarheimsdalen 9. juni 2012. Ein møtande bilist såg truleg ikkje motorsyklisten på veg nordover på E39, og svinga av mot rasteplassen.

27-åringen klarte ikkje å stogge og omkom i møte med bilen . Den eldre bilføraren vart tiltalt , men saka vart like over nyttår droppa grunna sjukdom.

– Det einaste kravet vi hadde, var at minnegåva ikkje skulle gå til drifta. Den skulle gå til noko handfast vi kunne sjå att. At det gjekk til barneheisen er heilt supert. No vil fleire få oppleve skigleda han sjølv hadde, fortel systera.

Barnetrekket Hauglandsheisen i Jølster skisenter.

OPNA: Det nye barnetrekket i Jølster skisenter vart teken i bruk førre sesong, men vart offisielt opna i dag.

Foto: Privat

Minneplakett

At heisen skulle bere namnet etter bror hennar kom uventa. Det gjorde også minneplaketten ved sidan av.

Janne Haugland ser på minneplaketten etter bror sin

TAKKEPLAKETT: Janne Haugland ser på minneplaketten. «Bygd ved hjelp av minnegåve etter Trond Haugland, og gåvemidlar frå Trond Mohn» står det på plaketten.

Foto: Privat

– Trond brukte mykje av tida i barne- og ungdomsåra i skitrekket. Då han flytta til Bergen kom han heim ved første anledning når det vart fint skivêr, fortel Haugland og er glad for at både små og store får glede av minnegåva.

– Trond gledde seg til borna våre vaks opp, slik at han kunne ta dei med på ski over alt. No fekk han ikkje oppleve det, men dei får likevel oppleve den same gleda han hadde, legg ho til.

– Vi takkar

Styreleiar Johann Gotteberg i skisenteret seier namnevalet ikkje var vanskeleg. Heisen med tilliggande varmestove kosta i overkant av 2,3 millionar kroner.

Opning av Hauglandsheisen

TIL STADES: Skisenteret varta opp med aktivitetar for dei minste då barnetrekket vart offisielt opna i dag.

Foto: Privat

I tillegg har dugnadsarbeidarar lagt ned ein stor jobb.

– Dette viser kor viktig skisenteret er for store og små. Trond var ein ivrig alpinist og brukte skisenteret mykje. Vi tykte dette var rett måte å vise vår takksemd på, seier Gotteberg.

Har allereie vore i drift

I tillegg til minnegåva frå familien til Trond Haugland, har Trond Mohn støtta prosjektet med 1,5 millionar kroner. Ein har også nytta midlar som ein har fått gjennom INU.

Barnetrekket stod allereie ferdig førre skisesong.

– Den har allereie frakta mange tusen skiglade, men vi tykte det passa seg med ei lita markering no som varmestova nærast er ferdig og heisen har fått namn, seier Gotteberg.