Hopp til innhold

Slik fordeler dei kutta

Kommunale næringsfond mister tre millionar kroner, reiseliv ein million kroner, og sjømatnæringar ein halv million kroner kvart år. Det er klart etter at plan- og næringsutvalet har konkretisert korleis dei skal kutte 80 millionar kroner i næringsutvikling dei neste fire åra. Bakgrunnen er at det i statsbudsjettet blei kutta i overføringane til fylkeskommunen.