Etter fleire rundar med utsetjingar av rettssaka, ser det ut til å gå mot forlik mellom banken og mannen som i 2005 skal ha tapt 3,5 millionar kroner på grunn av manglande rådgjeving
– Vårt mål er at vi skal oppnå eit forlik, og at det skal vere på plass i løpet av tre-fire veker, seier advokaten til mannen, Thor Bendik Berg, til avisa Firda.
Prøvde å rette opp
Hendinga skriv seg tilbake til 2005 der mannen først tapte ein million kroner på terminhandel. I eit forsøk på å rette opp att tapet tre år seinare, tapte han ytterlegare 2,4 millionar.
- LES OGSÅ: Tapte millionar – kjem med motkrav
Mannen gjekk til søksmål fordi han meiner banken ikkje hadde noko system for varsling ved tap av kapital, skriv avisa.
– Han var i utgangspunktet villig til å ta ein viss risiko for å få avkastning på sparepengane sine, men her har banken gått ut over alle grenser. Resultatet er eit tap på rundt 3,4 millionar kroner for klienten min, sa mannen Berg i fjor.
- LES:
Saka skulle eigentleg opp att denne veka. Eigentleg skulle den ha vore oppe i Fjordane tingrett, men på grunn av inhabilitet hjå dommarane vart den flytta til tingretten i Sogn. Det blir for fjerde gong saka anten blir flytta eller avlyst.