Hopp til innhold

Skuldar minister for unnasluntring

Tilliten bondelagsleiar Per Hilleren har til miljøvernministeren og departementet er byrja bli tynnsliten. – Dei tek ikkje ansvaret dei sit med alvorleg, rasar Hilleren.

Per Hilleren

RASANDE: Tolmodet er i ferd med å ta slutt hos bondelagsleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

– Eg er mektig lei av å høyre miljøvernministeren prate seg vekk gang på gang. Han må vakne, er beskjeden frå Hilleren.

– Han kan ikkje snakke seg vekk frå dette

Det er den kraftige veksten i rovdyrskadar som gjer at leiaren i Sogn og Fjordane bondelag no har fått meir enn nok.

Grufulle bilete frå nabofylka Hedmark og Oppland av drepne sauer gjer inntrykk, og bønder her i fylket fryktar ulven som har herja aust for oss skal kome hit også.

Eit vedtak frå Stortinget seier at det ikkje skal vere rovdyr i prioriterte beiteområde, og både Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark inngår i desse.

I NRK Sogn og Fjordane si radiosending fredag ettermiddag skulle Hilleren og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell etter planen stille til debatt om temaet. Men på grunn av stramt tidsskjema for ministeren vart ikkje det noko av.

Men talen frå Hilleren er klar.

– Ministeren kan ikkje snakke seg vekk frå den alvorlege situasjonen som beitenæringa opplever i stadig større delar av landet, seier Hilleren.

– Eg vil høyre han seie at han skal følgje opp rovviltforliket og ta i bruk alle midlar som er moglege for å ta ut skadegjerarane som herjar i beiteprioriterte område, seier Hilleren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård Vegar Solhjell
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Forstår bøndene

Bondelagsleiaren er klokkeklar på at ein ikkje kan seie at rovviltforliket er oppfylt så lenge rovdyr får herje i område som altså er sagt å vere prioriterte til beitedyr.

– Dette er ei unnasluntring, seier Hilleren rasande.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier han forstår at mange bønder no er svært frustrerte.

– Eg forstår at bøndene kan bli veldig oppgidde og leie seg, ja, til og med forbanna, når rovdyr tek mange av dyra deira, seier han.

– Vi gjer mykje

Samtidig meiner han at departementet har gjort mykje for å leggje til rette for å fjerne rovdyra som gjer skade. Ulvane som har herja i Hedmark og Oppland den siste tida har vandra dit frå Sverige, og det er gitt fellingsløyve.

– Problemet er at vi ikkje greier å få felt dei. Eg forstår godt uroa til bøndene, men generelt så har vi ikkje no for mange rovdyr i forhold til det vi er samde om i det såkalla rovdyrforliket.

– Gjer ein nok?

– Vi gjer mykje, og vi er raske med å gje løyve. Vi har brukt mykje tid på å byggje opp kompetanse i jaktlaga, slik at dei har erfaring med å ta ut rovdyr. Vi tillet også ulike jaktmetodar som kan fungere i den enkelte situasjon.

– Men likevel blir dei ikkje teke ut?

– Det er ganske mange rovdyr som er teke ut i løpet av vinteren. Både ulv, jerv og gaupe. Difor har også bestanden gått ned og vi er om lag på det nivået vi skal vere, til og med under på bjørn og gaupe, seier Solhjell.

Reagerer på rovdyr-dusør

Likevel er det altså slik at ein ikkje lukkast med å ta ut alle rovdyra som det blir gitt fellingsløyve på.

– Det er naturen vi snakkar om her. Ein kan ikkje bestille at ein ulv skal avlivast. Du må ut å finne den og felle den, og det kan vere krevjande, seier Solhjell.

Også i fylket nord for oss, Møre og Romsdal, er det mange rasande bønder. Tidlegare denne veka gjekk bondeorganisasjonen Sau og Geit ut og lova ein dusør på 10.000 kroner til den første som skyt freda vilt.

Dette reagerer Solhjell kraftig på.

– Dette er miljøkriminalitet, rasar Solhjell.