For kommunar som Vik må finne annan måte å organisere legevakta på dersom Helsedepartementet får gjennomslag for eit nytt forslag.
Medan legane i dag berre treng ein autorisasjon for å jobbe ved legevakta, kan dei i framtida måtte risikere å mellom anna vere spesialistar i allmenn medisin eller ha tre års erfaring.
– Vi var allereie klar over at vår ordning ikkje var robust nok, og når vi no har fått ei forskrift som gjer ytterlegare strengare krav til legevaktordninga så må nok vi finne ny organisering i samarbeid med andre i ganske nær framtid, seier rådmann Oddbjørn Ese.
– Må ut å samarbeide
For skulle ikkje legevaktene stette dei nye krava som no er ute på høyring, så pliktar dei å ha ei bakvakt. Det kan bli dyrt for små kommunar.
I Vik seier rådmann Ese at dei er avhengige av kommunesamarbeid for å kunne møte desse krava.
– Skal ein ha ei robust, trygg og fagleg god nok ordning så avheng ein av å spele på lag med ein større organisasjon. Då er ein nøydd ut og samarbeide med andre, seier han.
– Kvaliteten viktigast
Ved Nordfjord legevakt har dei førebels ikkje teke stilling til kva dei skal melde inn til høyringsfristen, men legevaktsjef Trond Inselseth trur fleire småkommunar kan bli tvungne inn i interkommunale samarbeid.
Statssekretær i Helse – og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen, seier kommunane må gjere det dei må for å følgje opp nasjonale krav. Ho seier tanken bak framlegget er likt legevaktstilbod med god kvalitet over heile landet.
– Vi meiner det er viktig med likeverdige tenester i heile landet. Særskilt innanfor noko så viktig som ei legevakt, som er det første og næraste staden folk får hjelp i ein akuttsituasjon, så er det viktig at det er nokre minimumskrav, seier ho.
Positiv til endringa
For dei ni kommunane som høyrer til Sunnfjord og Ytre Sogn legevakt (SYS IKL) vil det derimot bli lettare å imøtekome krava om dei blir vedtekne. Legevaktssjef Øystein Furnes ynskjer dei nye krava velkomne.
– Vi ser heilt klart at legevakta har vore underprioritert lenge i høve til kvalitetskrav, seier han.
Uavhengig av framlegget vil legevakta frå 2016 ha to legar, i staden for ein, på vakt til ei kvar tid. I tillegg aukar dei bemanninga på sjukepleiarsida.
Umogleg for små
Furnes meiner det ikkje vil vere mogleg for småkommunar.
– Det er også difor det er få små kommunar, som har eigne vaktordningar. Dei fleste er interkommunale, seier han.
I Vik meiner rådmann Ese at sjølv om innbyggjarane kan få lange avstandar til legevakta i framtida, så må kvaliteten på tenesta kome først.
– Der må eg støtte meg til fagfolk sine vurderingar. Dei er eintydige i at dersom ein skal ha legevaktordningar, som er gode nok, så må krava til kompetanse hevast i høve til det ein har i mindre legevaktordningar som i Vik kommune, seier han.