Hopp til innhold

Skiferie enda med fengsel for sykkeltjuv

Ein litauar er dømd til fengsel for fleire tjuveri, mellom anna ein sykkel til 30.000 kroner.

Sykkeltjuv i Stryn

BORTE VEKK: El-sykkelen som vart stolen frå Ytre-Eide Sport i Stryn er framleis ikkje funnen. Sykkeltjuven seier han ikkje hugsar kor han gjorde av den.

Foto: Overvakingsbilete

Mannen i 40-åra har forklart at han kom til Norge for å stå på ski, kring ein månad etter første tjuveri i Stryn.

Men berre ei veke etter at han kom til Norge, i ei stasjonsvogn innreia med soveplass, vart han teken på fersk gjerning.

Teken på fersken

Litauaren er dømd for å ha stole ein el-sykkel til 30.000 kroner, eitt par tøysko og to handtak til eit sykkelratt. I Fjordane tingrett har han tilstått det heile.

Sykkelen vart stolen i slutten av april, og då han igjen besøkte ein sportsbutikk i Stryn, kjende tilsette han att frå tjuveriet av sykkelen. Dei kontakta då politiet, og måndag vart mannen varetektsfengsla.

– Det var viktig å få han i varetekt og dømd for forholdet. Mannen er utan fast bustad, jobb og har inga tilknyting til Norge. Vi frykta han kunne reise ut av landet for å unngå å bli straffa for forholdet, sa aktor, politiadvokat Erling Melvær ved Vest politidistrikt, tidlegare denne veka.

Må betale

No må skiferien vente, for litauaren må sone 30 dagar i fengsel, der sju dagar i varetekt er trekt ifrå.

Sykkelen er framleis ikkje komen til rette. Mannen har forklart at han ikkje hugsar kvar han sette den ifrå seg. I tillegg til fengselsstraffa må sykkeltjuven betale 17 675 kroner i erstatning til sportsbutikken.