Hopp til innhold

Skal spele Dronning Anna i ny oppsetjing av «De tre Musketerer»

I februar set Folketeateret i Oslo opp musikalversjonen av «De tre Musketerer» av Alexandre Dumas og Auguste Maquet. I nøkkelrolla som Dronning Anna finn vi Førde-jenta Kjersti Sandal.

Kjersti Sandal

DRONNING ANNA: Kjersti Sandal frå Førde spelar i ny musikal.

Foto: Folketeateret

«»– Det er litt skummelt, men ein må berre kaste seg ut i det og synge med det nebbet ein har. Eg er omringa av songarar og dansarar og proffe folk som lever av å synge og danse.Vi som er skodespelarar må bruke det vi kan, så eg må ta det litt på sjarmen, ler Kjersti Sandal.

Sjølv om det er skodespelar ho er, har ho prøvd seg i musikalar også tidlegare, blant anna i «Kiss me Kate» av Cole Porter.

– Det er jo det kjekkaste av alt. Det å få synge og danse, og late som om ein er 14 år og leve ut den draumen. Så det er på ein måte det eg tykkjer er mest morosamt, når eg får vere med i musikalar og svinge meg. Det set eg stor pris på.

Liten men viktig rolle

Rolla ho no skal få bryne seg på er kanskje ikkje så stor, men viktig for plottet i musikalen. Dronninga Anna er eigar av halssmykket som fleire i stykket jaktar på for å kunne sette dronninga og Frankrike i forlegenheit.

Førestillinga, som er regissert av Alexander Mørk-Eidem, har gått for fulle hus i Stockholm, men den oppsetjinga har Sandal valt å ikkje sjå

– Eg er så redd for berre å kopiere noko. Viss eg på ein måte ser korleis andre har løyst det eg skal gjere, så finn eg ikkje min eigen måte å gjere det på. Eg ville finne mi eiga dronninga Anna, og ikkje kopiere noko som har skjedd i Sverige.

Det glade 80-talet

Kjersti Sandal

SCENEPRØVE: Kjersti Sandal t.h under prøver til rockeversjonen av «De tre Musketerer».

Foto: Folketeateret

For dei som ynskjer å sjå oppsetjinga så kan dei vente seg ein opprocka versjon av den kjende klassikaren. Mørk-Eidem har flytta stykket inn i 80-talet med puddelrockarar, musikk og motar frå den gong.

– Ja, dette er min barndom og oppvekst, og så er Lady Gaga innom ein liten tur for dei som er litt yngre. Her er det masse poplåtar rett og slett. Pop og rock og flotte dansenummer. Vi har litt spelescener, og så er vi i gang med å synge og danse. Det blir eit skikkeleg show, rett og slett.