Hopp til innhold

Mildvêr og vind har reist med snøen - berre i Sogn kan du køyre alpint i romjula

Sunnfjordingar og nordfjordingar må køyre langt dersom dei vil oppleve gleda av å boltre seg i ein alpinbakke i romjula.

Sogn Skisenter

HER ER DET OPE: Sogn Skisenter har ope både i hovudbakken og i barnetrekket.

Foto: Sogn Skisenter

For akkurat no er det berre Sogn Skisenter på Hafslo og Sogndal Skisenter i Sogndalsdalen som har opne alpinbakkar i Sogn og Fjordane. Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet hadde eit lite håp om å kunne opne i dag, men i 11-tida måtte Kåre Solheim konstatere at det ikkje gjekk.

For det er nokså trøysteslause forhold i alpinbakkane i Sunnfjord og Nordfjord akkurat no. Mange plussgrader, regn og vind har gjort at det aller meste av snøen har rent vekk.

Både Harpefossen Skisenter i Hjelmelandsdalen i Eid, Hornindal Skisenter, Stryn Vinterski, Jølster Skisenter og Sunnfjord Skienter i Førde informerer på nettsidene sine om at dei ikkje har opne alpinbakkar. Slik formulerer dei seg på Harpefossen:

Varmegradene har tatt ein del av snøen som kom, og albinbakkane er dessverre ikkje opne... Måtte romjula bli kvit og kald.

Harpefossen webkamera 27.12.13

SNØEN HAR RENT VEKK: Slik såg det ut på Harpefossen Skisenter litt før klokka 11 i dag, 27.12.

Foto: Webkamera

– Ikkje perfekt, men bra

Dermed må dei sunnfjordingane og nordfjordingane som vil teste alpinskia køyre nokre ekstra mil. Til dømes til Sogn Skisenter på Hafslo, der Runar Tørvi fortel at dei i går registrerte ein god del langvegsfarande gjester.

Sogn Skisenter held ope mellom klokka 10 og 16 i romjula. Tørvi seier at det ikkje er perfekt hjå dei heller.

– Men alt tatt i betraktning er det bra forhold, både i hovudbakken og i barnetrekket. For dei som vil gå langrenn er det litt verre, vi har berre ei trekilometersløype å tilby.

Også Sogndal Skisenter på Hodlekve i Sogndalsdalen har ope mellom klokka 10 og 16. Dagleg leiar Ole Alsterholm seier at det har hjelpt litt at det var kaldt i natt.

– Vi har veldig fine forhold, men det hadde sjølvsagt ikkje skadd om vi hadde fått litt meir snø.

– For veldig spesielt interesserte

Også for dei som lengtar etter å få lange ut i langrennsløyper kan det bli nokre mil å køyre. Det gjeld mellom anna dei mange som plar bruke Langeland Ski og Fritidssenter.

Kjetil Bjørset seier at det berre er flekkar att av snøen på Langeland.

– Dei som vil gå på ski der må vere veldig spesielt interesserte.

På Ullsheim i Stryn kan Arvid Hatledal rapportere om fine forhold og at dei gjerne tek imot skiløparar frå andre delar av fylket.

– Det er fire varmegrader og sørsøraustleg vind, men det er framleis bra forhold.