Siste salve i Stedjeberget. - Foto: Arne Eithun / NRK
Foto: Arne Eithun / NRK

Siste salve i Stedjeberget

Klokka 15 tysdag ettermiddag gjekk siste salva i tunnelen gjennom rasutsette Stedjeberget riksveg 55 i Sogndal.

Regionvegsjef Ole Christian Torpp tende lunta som markerer at pendlarstrekninga mellom Sogndal og Leikanger snart skal bli tryggare for bilistane.

Tunnelen i Stedjeberget. - Foto: Arne Eithun / NRK
Foto: Arne Eithun / NRK

To månader før tida

Det var ein godt nøgd regionvegsjef som etterpå haldt tale for tunnelarbeiderane.

For går alt etter planen står tunnelen ferdig i mars neste år. Det er to månader tidlegare enn først planlagd.

Ingvar Ambjørnsens "Dukken i taket" vert spelt inn i Fjærland i desse dagar.
Førde ønskjer å vere ein sykkelby, men er det slik?
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.