Hopp til innhold

Sikta for mordbrannforsøk knuste brannvarslarar og nekta å ringe brannvesenet

Før han tente bål oppetter husveggen skal mannen i 30-åra ha knust brannvarslarar med ein hammar, etterpå nekta han å kontakte brannvesenet.

Brann bål utanfor hus

TENDE BÅL: Ein mann i 30-åra er no sikta etter mordbrannparagrafen, etter at han skal ha tend bål rett utanfor sitt eige husvære.

Foto: Truls Kleiven

Det kjem fram i avgjerda frå Fjordane tingrett i dag, der mannen vart fengsla i 14 dagar sikta for å ha forsøkt å ha tent på eit bygg med fleire leilegheiter i Florø natt til søndag.

– Retten har lagt vekt på funn av gjenstandar i sjølve eldstaden, og som vurdert samla knyter sikta til sjølve brannstiftinga, skriv tingretten.

Det dreier seg om funn av leidningar, telys og papirposar som er tilsvarande med funn gjort i sikta si eigen leilegheit rett innanfor bålstaden. Han hadde også fyrstikker på seg, og han var sotete i fjeste og på hendene då han blei arrestert.

Skal ha nekta å ringe brannvesenet

– Sikta blei observert medan han slo og øydela fleire brannvarslarar i bygget. Han skal ifølgje vitne også ha nekta å kontakte brannvesenet trass at ein nabo. Mannen skal også ha kasta ein hammar etter politiet då dei ville arrestere han.

Den sikta møtte ikkje sjølv i tingretten i dag, men hevdar via sin advokat at det var andre som tende bålet ved husveggen, og at han veit kven dei er.

– Han blei svært skuffa over avgjerda frå tingretten, all den stund han han hevdar å ikkje ha gjort det. Tvert imot forsøkte han å sløkkje dette bålet utanfor huset, seier mannen sin forsvarar, Stig Nybø.

Frykta for øydelagde bevis

Det var i 02-tida natt til søndag at naudetatane rykte ut til bustaden i Florø. Brannen vart sløkt etter kort tid, utan at det byrja å brenne i bordkledningen på huset. Ein person vart sett til av lege på staden.

Bebuarane kunne ta i bruk att leilegheitene etter at huset var undersøkt av røykdykkarar.

– Vi ber Fjordane tingrett om ein varetektsperiode på to veker på grunn av fare for at bevis kan bli øydelagde, seier Fosse.