Hopp til innhold

Set i verk tiltak etter ulykke

Turistattraksjonen Briksdalsbreen blir gjerda inn etter at ein tysk turist i førre veke vart alvorleg skadd framfor breen.

Briksdalsbreen har trekt seg langt tilbake sidan dette biletet vart teke

POPULÆRT MÅL: Briksdalsbreen i Olden. Arkivfoto

Foto: NRK

Mannen i 40-åra tok seg forbi åtvaringsskilta og den låge kjettingsperringa, og gjekk heilt fram til brearmen då han vart treft av ei stors isblokk som losna frå breen.

Tyskaren er framleis innlagd med alvorlege hovud- og brystskader på Haukeland universitetssjukehus.

Politiet krev tiltak

Lensmann Inger Lill Lanes har i brev til Fylkesmanne krav permanent sikring av staden og måndag var politiet og blant andre Statens Naturoppsyn på synfaring. Konklusjonen er klar: Eit meterhøgt gjerde må setjast opp, skriv bt.no.

Vanskelegare - men ikkje umogleg

– Vi ser trongen for eit tydelegare gjerde framfor breen. Vi er samde om å setje opp eit høgare nettinggjerde der den enkle kjettingen går i dag, seier Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn til avisa.

Ho presiserer at det nye gjerdet blir eit sterkare hinder enn dagens kjetting, men at heller ikkje dette blir umogleg å ta seg over, dersom ein verkkeleg har fått det føre seg at ein skal heilt fram til breen.