Hopp til innhold

Førar var innesperra i 15 minutt etter utforkøyring – brannvesenet måtte klippe opp bilen

Ein mann i 60-åra er grytidleg torsdag morgon send til sjukehus etter ei utforkøyring på E39 i Førde. Mannen vart sittande innesperra i bilen i vel eit kvarter, før brannvesenet fekk klipt opp bilen.

Trafikkulukke på E39 i Førde

BIL LIGGANDE PÅ SIDA: Ein personbil vart liggande på sida etter ei utforkøyring på E39 i Førde.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Alle naudetatane rykte like før klokka 05.30 torsdag morgon ut til ei trafikkulukke på E39 i Førde. Ulukka skjedde i Brulandsvingen, like utanfor sentrum.

– Vi veit at det er eit einsleg køyretøy som har hamna utfor vegen, fekk NRK opplyst ved politiet sin operasjonssentral klokka 05.30.

Operasjonsleiar Kjetil Drange kunne klokka 05.40 opplyse at føraren av bilen var åleine då ulukka skjedde. Han kunne då ikkje seie om vedkommande var komen ut av bilen, eller om personen var skadd.

Kom seg ikkje ut

Bilen vart liggande på sida vel tre meter på nedsida E39 etter utforkøyringa. Føraren greidde dermed ikkje å kome seg ut ved eiga hjelp.

– Bilen har trilla rundt og hamna utfor vegen. Føraren måtte klippast ut for å få han ut, noko brannvesenet gjorde. Vedkommande er no send til sjukehus, fortel operasjonsleiar Wenke Hope i politiet til NRK.no klokka 05.55.

– Korleis vart vedkommande sitjande fast i bilen?

– Han kom seg ikkje ut av bilen fordi bilen vart liggande på sida. Døra han skulle ha gått ut låg ned, så han sat ikkje fast, men han kom seg heller ikkje ut, seier Hope.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utforkøyring på E39 i Førde

KOM SEG IKKJE UT: Føraren, ein mann i 60-åra, kom seg ikkje ut ved eiga hjelp etter utforkøyringa.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Lettare skadd

Politiet hadde klokka 06 ikkje opplysningar om skadeomfang, og kunne ikkje seie noko om det var snakk om alvorlege eller lettare skader.

Like før klokka 06.30 får NRK opplyst hos AMK ved Førde sentralsjukehus at mannen vart send til legevakta for sjekk. Mannen har truleg kome frå ulukka med berre lettare skader.

Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i hendinga. Klokka 06 blir bilen fjerna med bilberging. Ulukka har ikkje ført til problem for trafikken på E39.

Saka blir etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Bruland