Hopp til innhold

Sende politi og ambulanse til tomt bilvrak

Politi og helsevesen frykta det verste då dei fekk melding om ein bil som låg på taket i ei grøft ved Nave i Vågsøy.

Nave

Vel framme ved bilen, oppdaga redningsmannskapa at bilen var tom. Men kort tid etter kom både bileigaren og føraren av bilen tilbake til staden.

– Alle var tilsynelatande uskadde. Førar forklarar at han var vore uheldig og mista kontroll på bilen, opplyser politiet.