Hopp til innhold

Leiteaksjon enda godt - sakna russ funnen på Russeneset

Ungdomen som var sakna etter ein fest i Naustdal er funnen.

Leiteaksjon Naustdal

– Han vart funnen på Russeneset. Ein privatperson kom i kontakt med og tok vare på han. Vi veit førebels ikkje meir, fortel Per Rimmen ved operasjonssentralen hjå politiet i Sogn og Fjordane.

Men russen har gått langt i dei seine nattetimane og tidlege morgontimane.

– Han har tilbakelagt ein distanse på rundt 20 kilometer.

– Vi fekk inn melding frå familien klokka 04.06, fortel Per Rimmen ved operasjonssentralen hjå politiet i Sogn og Fjordane.

Russen skal ha starta å gå på veg frå Naustdal til Florø, og mest truleg har ungdomen gått frå Naustdal og teke Fv 611 mot Vevring.

Store styrkar var med i søket etter ungdomen.

– Akkurat no leitar politiet og raude krossen. I tillegg er også eit Sea King redningshelikopter ute og leitar. Pårørande er også med i søket, opplyste Rimmen til NRK i dag tidleg.

Politiet oppmoda folk som bur på strekninga Naustdal-Stavang om å undersøke uthus og garasjar. No er russen til alt hell funnen, men skal til legesjekk.