Hopp til innhold

Rekordår for lærdalsmorellane

Aldri før har det blitt levert så mykje morellar frå Lærdal. No er det raude gullet verdt meir enn potetene frå den grøne kommunen.

For fyrste gong er fortenesta betre på moreller enn på poteter i Lærdal

SJÅ TV-SAKA: 180 TONN: Med 180 tonn har det aldri før blitt levert så mykje morellar frå Lærdal som i år.

I løpet av 2012 vil morellbøndene i Lærdal levere 180 tonn med morellar, noko som er tidenes produksjon, skriv Sogn Avis. Dette betyr også klingande mynt i kassa.

Morellhausten åleine er truleg verd 12 millionar kroner, seier leiaren ved Lærdal Grønt, Kåre Øyri, til avisa. Samtidig leverer bønder i bygda mellom 1500 og 1600 tonn poteter til ein samla verdi på rundt 10 millionar kroner, skriv avisa.

Ifølgje Sogn Avis er det første gong at morellane gir meir pengar i kassa enn potetene. Året starta med pressa prisar på poteter, men dette har no gått seg til.