Hopp til innhold

Reine smakar frå bygda under breen

OLDEDALEN (NRK): Geitene i Oldedalen beitar mellom bratte fjell og kvite snøbrear. På Aabrekk gard fekk radiokokk Steinar Lindstrøm boltre seg på kjøkkenet med ei råvare dei færraste nyttar seg av.

Steinar Lindstrøm tilbreder kjekjøt på Aabrekk gard

KJEKJØT: Sjå korleis ein lagar til kjekjøt.

Då eg var lærar var det ikkje så enkelt å få elvane til å ete kjæledyra sine, flirer NRK kokken Steinar Lindstrøm.

Han har gyve laus på middagen på Aabrekk Gard i Oldedalen, og det er kjekjøt som står på menyen. Kjekjøt er kanskje ikkje den vanlegaste råvara i norske kjøkken. Men smaken og kvaliteten er det ingenting å utsetje på.

– Det er ein utruleg flott ressurs som burde brukast meir. Det er gourmetkjøt om ein behandlar det riktig, meiner Lindstrøm

Kjøtet kan vere litt lite smak i, samanlikna med lam, så det er viktig å tilsette smak med til dømes marinade. Han marinerer kjekjøtet med honning og brunar det i panna, før han steiker det i omnen. Tilbehøyret består av røstipoteter, sommarkål, gulrotpurè, og byggryn.

– Det er også viktig med ein god saus, seier Lindstrøm.

Steinar Lindstrøm

VIL HA MEIR KJEKJØT: NRK-kokken Steinar Lindstrøm tykkjer ein bør ta kjekjøt oftare i bruk.

Foto: Martin Torstveit / NRK

For kokken på kjøkenet er det ekstra stas å servere så lokale råvarer som kjekjøtet han forsiktig legg på fatet i Oldedalen.

– Det er ikkje berre kortreist mat, den er ureist, flirer Lindstrøm.

Byr på lokale matopplevingar

Fleire hundre tusen turistar kjem kvart år til Oldedalen. Ved foten av Brenndalen, inst i dalen, ligg Aabrekk gard. Her har det budd folk sidan 1500-talet. På tuftene av gamle murar frå 1895 har ekteparet Signe og Rune Aabrekk starta eigen produksjon av lokalmat. Her serverer dei nokre av gjestane som kjem til bygda. No står turistsesongen for tur.

Rune Aabrekk, Ingeborg Malm og vesle Martine på Aabrekk gard i Oldedalen.

SEKS GENERASJONAR: Sidan 1500-talet har det vore drift på Aabrekk gard. No driv Rune Aabrekk garden, og dei neste generasjonane gardbrukarar er allereie komne til gards. Her er svigerdotter Ingeborg Malm og dottera Martine.

Foto: Gro Ravnestad

– Vi bakar mykje flatbrød, og det går unna. Vi har to etasjar med serving både oppe og nede, og kan servere 100 personar. Så blir det litt baking elles i året. Eller ikkje berre litt, seier Signe Aabrekk.

I Oldedalen veks dei opp med turismen, så eit like sikkert vårteikn som dei første krokusane og siste rest av snø forsvinn, er også hordane av turistar som strøymer til bygda.

– Vi trivst med det, og er fleire som er avhengige av turistane, og samarbeider godt vi som driv i denne bransjen.