Hopp til innhold

Reagerer på flygeblad mot innvandring

Folkebevegelsen mot innvandring har delt ut flygeblad på Nordfjordeid. Innbyggjarane reagerer på det dei kallar hat og forakt for andre menneske.

FMI-flygeblad på Nordfjordeid

DELTE UT FLYGEBLAD: Folkebevegelsen mot innvandring, FMI, har delt ut fleire hundre flygeblad på Nordfjordeid. Dette er det mange som reagerer på.

Foto: Steinar Lote, NRK/Faksimile frå flygebladet

Kjell Einar Skrede

REAGERER: Kjell Einar Skrede på Nordfjordeid tykkjer ikkje om å få flygeblad frå FMI i posten.

Foto: Pressefoto

– Det er ein hatefull organisasjon, som er tufta på forakt for andre menneske, seier Kjell Einar Skrede som bur på Nordfjordeid.

Han er ein av fleire hundre som har fått flygeblad frå Folkebevegelsen Mot Innvandring, FMI, i postkassa.

– Alle har rett til eige heimland

I flygebladet står det at Norge er «iferd med å bli et kriminalisert, flerkulturelt kaos. Et fremtidig narkotikahelvete som utsletter vår nasjonalstat og gjør tilværelsen ulevelig for våre etterkommere.»

Formann Bjørnar Røyset i FMI vil ikkje kalle det hat og forakt.

– Vi meiner at alle har rett til eige heimland, det har ingenting med hat å gjere. Vi er eit folkeslag som heiter nordmenn. Vi har like stor rett til å eksistere som eige folk som ein eller annan indianarstamme i Sør-Amerika. Men seier ein det, blir ein sett på som rasist.

– Korleis vil du då karakterisere det sjølv? Du brukar ord som etnisitet, indianargruppe, nordmenn som eige folkeslag. Snakka vi om rase?

– Ja, heilt klart.

– Er du redd for at norske rasen skal bli øydelagt?

– Ja, heile den vesteuropeiske. Det kan skjedd som følgje av masseinnvandring, seier han.

Meiner det er rasistisk

Forfattar Øyvind Strømmen har skrive fleire bøker om innvandringskritiske organisasjonar og følgt miljøet på nettet i ei årrekke. Han seier FMI er ein svært liten, men ekstrem organisasjon.

– Eg vil seie at er snakk om eit par-tre hundre medlemmar. Dei har hatt sentrale medlemmar som har gått langt i å uttrykkje om ikkje støtte, så forståing for Breivik. Ein vil og finne ting som svært mange vil oppfatte som framanfientleg, rasistisk og hatsk.

– Vil du karakterisere dei som ein rasistisk organisasjon?

– Ut ifrå ein del av det som blir publisert på nettsida deira, så er det riktig å omtale det som rasisme, seier han.

Tek sterk avstand

Kjell Einar Skrede seier eidarane tek sterk avstand frå innhaldet i flygeblada.

– Vi her i Eid tykkjer det er kjekt vi har fått nye landsmenn. Vi likar dei, og vil dei skal vere her. Det er forferdeleg trasig om dei skal måtte lese slikt svineri som dette, seier han.