Hopp til innhold

Reagerer på at politiet ikkje får krav om maksimal utrykkingstid

Lokalpolitikar i Gaular, Steinar Ness (Sp), meiner dei nye krava til responstid i politiet burde vore utforma slik at det var eit krav om maksimal utrykkingstid.

Steinar Ness

KRITISK: Steinar Ness fryktar for eit meir desentralisert politi.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Brannvesenet skal vere på plass i løpet av ein halvtime utanfor tettbygde strøk, og endå tidlegare innanfor tettbygde strøk og spesielt der det er sjukeheimar og liknande, seier Ness.

Han peikar på at politiet ikkje får noko krav om ei maksimal utrykningstid.

- Det er ei gjennomsnittstid, og eit krav om kor mange oppdrag som skal vere gjennomført innanfor den snitt-tida, seier Ness.

I to av ti tilfelle kan utrykkingstida vere fleire timar

Han peikar på at det i praksis betyr at politiet kan få svært lang utrykkingstid utanfor tettbygde strøk.

- Politiet skal komme fram utanfor tettbygde strøk i løpet av 45 minutt i 80 prosent av tilfella. Det betyr at i to av ti tilfelle kan utrykkingstida vere fleire timar, men likevel innfrir ein kravet til responstid, seier Ness.

- Kvifor bør politiet ha same type responstider som brannvesenet?

- Systemet i dag er slik at brannvesenet alltid kjem først fram. Politiet kjem i mange tilfelle veldig seint, og det systemet vert oppretthalde dersom ein gjennomfører det politiet no legg opp til, seier Ness.

Han peikar på at når brannvesenet lukkast i sine ambisiøse krav, så er det nettopp fordi dei har ei lokal organisering.

- Vi har brannvesen spreidde i alle kommunar. Ein held på å totalt forlate den organiseringa i politiet, seier Ness.

Created by InfoDispatcher

Fryktar for det kriminalførebyggjande arbeidet

Han meiner systemet vil leie fram til eit meir sentralisert politi, og fryktar det vil gå ut over det kriminalitetsførebyggjande arbeidet.

- Eg er overtydd over at den lokale organiseringa vi har hatt i politiet, der det har vore lokale polititenestemenn i alle kommunar, har vore svært vellukka, seier Ness.

Han peikar på at førebyggjing er vanskeleg å måle og telje.

- Ei politipatrulje med to personar i bilen som køyrer rundt i Sogn og Fjordane for å innfri krav til responstid, inneber at politiet si deltaking i det førebyggjande arbeidet i praksis vert avvikla, seier Ness.

Politimeister Ronny Iden peikar på at politidekninga i Sogn og Fjordane er slik den er.

- I ein storby vil responstida vere lågar. Krava vi har fått, speglar det, seier Iden.