Hopp til innhold

Prøver ut «fotballfritidsordning»

Idrett og andre fritidsaktivitetar for born skjer som regel på kveldstid. Det fører til tidsklemme for travle familiar som skal sjonglere mellom måltid, leggetid, aktivitetar og lekser.

Emilie Stadheim Skrede, Emilian Henden, Oliver Holmøyvik og Anna Kristina Lillestøl Naustdal

PÅ FOTBALLFRITIDSORDNING: Emilie Stadheim Skrede, Emilian Henden, Oliver Holmøyvik og Anna Kristina Lillestøl Naustdal

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men fleire og fleire stadar blir det vanleg å ta aktivitetane inn som ein del av skulefritidsordninga på dagtid.

– Det synest eg er gøy, seier Emile Henden.

– Eg synest det er mykje kjekkare å spele på dagtid, for då får eg betre tid når eg kjem heim, skyt Anna Kristina Lillestøl Naustdal inn frå sidelina.

Dei to er onsdag med når Eid Fotball testar ut «fotballfritidsordning».

Aktivitetstilbod

– Dette er eit tilbod til 3 – 6 klasse. Dette er eit aktivitetstilbod rett etter at dei er ferdige med skulen, seier Bjørn Totland som er dagleg leiar i Eid Fotball.

Bjørn Totland

AKTIVITET: Bjørn Totland er dagleg leiar i Eid Fotball.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det betyr at dei får fotballtrening frå klokka 11 til 13. Då er det lunsj der det onsdag og var lagt inn ein liten quizz, før det igjen var tid for ei ny treningsøkt.

– I dag er det rein fotballtrening, men tanken er at vi skal drive med mykje aktivitet.

For ved sida av fotballbana ligg det symjebasseng, snart kjem også ein fleirbrukshall. I tillegg har dei naturen rundt.

– Så ideen er at vi skal få ungane i aktivitet, seier Totland.

Først i fylket

Denne typen skulefritidsordning blir stadig meir vanleg fleire stader i landet, men i Sogn og Fjordane er Eid dei første som prøver det ut.

– Vi har jo hatt akademi her tidlegare. Det vi prøvar å få til no er ei fotballfritidsordning som er støtta av Fotballforbundet. Grunnen til at vi gjer det er at mange ungar går på sjølvstyr når dei har fri, og vi ynskjer å gi dei eit tilbod.

Skape fotballspelarar

I Eid ser dei på dette som ein vinn vinn situasjon, der dei både kan skape gode fotballspelarar og styrke folkehelsa.

– Det er ein fordel for alle å kunne vere i aktivitet.

– Korleis har interessa vore for å få vere med på dette forsøksprosjektet?

– Vi har fullt i dag, og etter at vi slutta med fotballakademiet er dette eit tilbod som har vore etterspurt av foreldra, seier Totland.