Hopp til innhold

Har fått tre prisar i år for vidareutvikling av ei 6.000 år gamal oppfinning

Trugene har ikkje forandra seg mykje etter at dei vart funne opp for over 6.000 år sidan. Det var heilt til vinterentusiastar frå Stadlandet kasta sine granskande auge på dei og kom opp med Fimbulvetr.

Jon Borge Frogner

FIMBULVETR: Jon Borge Frogner, med nyskapinga Fimbulvetr. Det er Pivot Produktdesign, som saman med strategiutviklarane i Maskinen og teknologiinvestoren Hiform, som starta opp verksemda Snowmotion.

Foto: Privat

I løpet av årets fire første månader har Jon Frogner og gjengen bak «Fimbulvetr» blitt heidra med ikkje mindre enn tre prisar.

Året byrja med å vinne verdas største oppstartskonkurranse i sin kategori, og for nokre veker sidan årets beste nye vintersportsprodukt under designarane sin Oscar, Red Dot Design Award.

Onsdag vart dei heidra med Norsk Designråd sitt ettertrakta «Merket for god design».

– Vi visste at vi hadde gjort ein god jobb. Det må eg innrømme. Men slike prisar kan ein ikkje ta for gitt, seier Jon Borge Frogner i Maskinen.

Vart imponerte

Frogner er opphavleg frå Asker, men er no busett på Stadlandet. Han er ein av fleire som over tre år har utvikla og satsa på ei vidareutvikling av den over 6.000 år gamle truga. Fimbulvetr vart lansert i november i fjor, og har siste tida vore gjenstand for stor merksemd.

Fimbulvetr

FIMBULVETR: Namnet på truga kjem frå norrønt og betyr «Den store vinteren», og refererer til den lange vinteren som kjem før Ragnarok.

Foto: Pressefoto

Juryen bak kåringa til Norsk Designråd vart imponert av produktet til Pivot Produktdesign, Maskinen og Hiform. «Merket for god design» går til dei mest innovative og modige verksemdene og designarane akkurat no.

– Juryen er imponert over denne unge norske bedrifta, som med skyhøge ambisjonar, gode designprosessar og berekraftige løysingar har skapt eit svært innovativt produkt, lyd vurderinga til juryen.

Revolusjonerande ledd

Det revolusjonerande med truga, er integrert ledd i sjølve bereflata som gjer at trugen tilpassar seg underlaget på ein annan måte enn vanlege truger.

– Truga byggjer på eit dynamisk ledd som fordelar krafta jamt, og eit slitesterkt og fleksibelt plastmateriale som toler store temperatursvingingar, held juryen fram.

Tal delar er redusert for å minimere sjansen for brot.

– Fimbulvetr er eit glimrande eksempel på at godt samspel mellom materiale, produksjon, miljø og design kan skape eit vellukka produkt, held dei fram.

Starta på nytt

– Det er ei kjempestadfesting at vi er på rette vegen. Når ein satsar slik, så legg ein ned eit utruleg arbeid og då der det veldig godt å få slike stadfestingar på vegen, seier Borge Frogner og fortel at utviklingsarbeidet har gått over tre år.

Ideen vart sådd då produktdesignerar, som sjølve er snowboardarar, meinte dei eksisterande trugene hadde forbetringspotensial.

– Dei gjekk i stykke, det var vanskeleg å gå i skrått terreng. Ein måtte gå unaturleg. Så dei byrja heilt på nytt og bygde opp ein ny truge med teknologien som finst i dag, fortel Borge Frogner.

Vil forandre industrien

Deretter byrja den velkjende snøballen å rulle, og samarbeidet starta. Ulike materiale og former er prøvd, og både Innovasjon Norge, investorar og prosjektgruppa sjølve har gått inn med midlar.

Mikkel Bang, som er på det norske landslaget i snøbrett, er med på å teste ut Fimbulvetr.

– Det er brukt materiale som tidlegare har vore brukt i teknisk industri med stort hell, fortel Borge Frogner og legg til at dei så langt har fått selt nokre hundre truger på verdsbasis berre frå vår eiga nettside.

– Vi føler det er ein kjempefin start. Marknaden er kjempestort, og truger er på verdsbas ein stor og veksande sport, seier han.

– Kva ambisjonar har de vidare?

– Å forandre trugeindustrien. At vi kan produsere ein truge som er lettare å produsere, og som gir ei betre oppleving for brukaren.