Hopp til innhold

Politiet: – Tilfeldig at brannane starta samstundes

Politiet veit ikkje kva som var årsaka til dei to garasjebrannane i Gaular og Florø i førre veke, men ser bort frå at dei har nokon samanheng.

Garasjebrann på Espeland i Gaular

IKKJE PÅSETT: Politiet seier dei heller ikkje har grunn til å tru at dei to brannane var påsette. Her frå Gaular, der ein garasje brann ned til grunnen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Dei to brannane starta om lag samstundes natt til fredag for ei veke sidan.

– Vi har ikkje nokon grunn til å tru at det er noko samanheng. Det er nok reint tilfeldig at det var to brannar samstundes, seier kriminalteknikar Jan Bjarte Skrøppa ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Truleg elektrisk feil

Skrøppa seier at det ikkje er mistanke om at brannen i Gaular er påsett.

– Årsaka kan ha vore elektrisk feil frå bygget, eller på eit av køyretøya som stod inne i garasjen. Det kan vi ikkje seie sikkert. Brann i køyretøy som står parkert er slikt som skjer frå tid til anna, seier Skrøppa.

Kjell Magne Barsnes, politiførstebetjent i Flora, seier at brannen i Florø starta i eit køyretøy som stod på utsida av ein garasje.

– Strålevarmen gjorde at brannen spreidde seg til garasjen, seier han.

Ferdig å etterforske saka

Heller ikkje dei har greidd å finne ut korleis brannen oppstod.

– Køyretøyet er såpass utbrent, at det blir vanskeleg å fastsette brannårsaka. Vi har heller ikkje andre opplysningar i saka, som seier noko om kva som starta brannen, seier Barsnes.

Politiet i Flora reknar no saka som ferdig etterforska.