Hopp til innhold

Politiet opprettar sak mot styrmannen på havaristen

Politiet har oppretta sak mot styrmannen på det danske lasteskipet som gjekk på grunn i Åfjorden i Hyllestad i dag tidleg.

Politifolk på Halfdan Grieg

POLITIET PÅ PLASS: Politifolk om bord i redningsskøyta 'Halfdan Grieg' på veg ut til havaristen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var klokka 05:30 i dag Hovudredningssentralen fekk meldinga om at lasteskipet «Dart» hadde gått på Grøneskjeret i Åfjorden.

Politiet har no vore ombord i skipet og innhenta opplysingar om grunnstøytinga.

Ikkje promillemistanke

Det er ikkje mistanke om promille, seier Kjetil Drange ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Vi har vore på staden med ein patrulje og har undersøkt kva slags rute dei hadde tenkt å ta. Vi har og sett på sertifikata, og vi har teke alkotest. Det er ikkje grunn til å mistenke nokon for å ha ført skipet i ruspåverka tilstand.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lasteskipet Dart på grunn i Åfjorden

SIT GODT FAST: Det danske skipet rende seg eit godt stykke opp på Grøneskjeret.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men omstende rundt manøvreringagjer at det likevel blir oppretta straffesak.

– Vidare undersøkingar vil vise om nokon kan klandrast for det som skjedde.

Grøneskjeret er relativt flatt, og difor har skipet truleg ikkje fått så veldig store skader av grunnstøytinga.

Redningsskøyta «Halfdan Grieg» måtte i føremiddag gje opp forsøket på å dra «Dart» av grunn. Det må meir krefter til for å greie det, og då må dei truleg vente til det er flo sjø igjen.