Hopp til innhold

Ryddar 1000 meter med panoramautsikt

Tysdag ettermiddag var det duka for ein litt spesiell dugnad i Gloppen. Då skulle frivillige rydde skog slik at dei igjen får fram utsikta langs vegen til Sandane.

Skogrydding i Gloppen

SKOGRYDDING: Bak fv. kursleiar i hogst Arnt Laukeland, ordførar Leidulf Gloppestad, næringssjef Knut Roger Nesdal og utmarksforvaltar Peter Andresen. Framme frå v ungdomskuleelevane Leif Arne Støyva Sårheim, Kristoffer Støyva Sårheim, Tomas Myklebust Kvile og Erik M. Nedreberg

Foto: Harald Kolseth

Det syng i ei motorsag eit stykke oppe i bakkane bak Firda Vidaregåande på Sandane. Det er utmarksforvaltaren sjølv som er i ferd med å legge ned ei stor og fin bjørk. På plass er også ordførar Leidulf Gloppestad.

– Dette er god vedskog, som kan brukast betre som oppvarming enn at den står her og gror igjen langs vegane, seier Gloppestad.

– Dette er fin avveksling frå kontorarbeidet seier næringssjef, Knut Roger Nesdal, i det han kjem trekkande med ei bjørk.

Deler av kommuneadministrasjonen hadde tysdag ettermiddag tjuvstarta på dugnaden som var tillyst frå klokka 1700.

1000 meter med utsikt

Ein snakkar ofte om grøne tunnelar, at skogen gror så tett langs vegen at ein ikkje ser noko lenger. Målet med dugnaden i Gloppen tysdag ettermiddag er å rydde fram 1000 meter med panoramautsikt.

– Vi vil ha fram igjen dei panoramabileta av kommunen vår, som vi veit ligg skjult bak trea, seier Nesdal.

– Akkurat dette området har vi valt fordi det er innfallsporten til Sandane, seier ordførar Leidulf Gloppestad.

– Når vi får opna denne strekka ned mot Firda Vidaregåande og bygda opnar seg, så får du eit heilt anna bilete av bygda, enn om du kjem køyrande i ein tunnel av skog.

Lotteri

Alle som deltek i dugnaden er med i eit trekninga av ein fin premie.

– Når mange løftar i litt, får vi gjort mykje når vi er mange. Vi har og gjort det slik at for kvar 10. meter med skog som blir rydda så er deltakarane og med i trekninga av eit gåvekort på 5000 kroner, seier Nesdal.